Hopp til innholdet
Mann les avisa medan han nyt ein kopp kaffi på ein kafé og har laptopen open.

Eika Ansatt
  • Eit privatkort til firmautlegg
  • Inntil 45 dagars rentefri betalingsutsetjing
  • Ingen årsgebyr og inkludert reise- og avbestillingsforsikring

Eit fleksibelt kredittkort med privatansvar

Eika Ansatt passar utmerka for deg som reiser mykje, har mange firmautlegg og ønskjer å skilje jobbrelaterte utgifter frå privatøkonomien.

Nyttig å vite:

  • Som korthaldar får du tilgang til nyttige korttenester i mobil- og nettbanken, slik at du kan oppretthalde god oversikt og kontroll over kortbruken.
  • Du får eit gratis digitalt kort i mobil- og nettbanken som alltid er to tastetrykk unna når du treng det.
  • Ettersom kortet er med privatansvar, står du som korthaldar juridisk ansvarleg for bruk og uteståande saldo på kortet.
  • Den månadlege fakturaen blir sendt til deg som korthaldar, og du må sjølv fylle ut reiserekning eller utleggsskjema for å få pengane refundert frå arbeidsgivaren din.
  • Kortet er ikkje tilknytt ein konkret arbeidsgivar eller bedrift, og du kan handtere utlegg frå fleire arbeidsgivarar på same tid.

Priseksempel Eika Ansatt

Effektiv rente 27,16 % v/ 15 000 kr o/12 mnd. Kostnad 1 973,75 kr. Totalt 16 973,75 kr.

Sjekk prisliste og avtalevilkår for meir informasjon.


Spørsmål og svar om Eika Ansatt Kredittkort

Her finn du ei enkel forklaring på kva eit kredittkort er og korleis du brukar det riktig.

Du må vere 18 år eller eldre for å kunne søke om Eika Ansatt Kredittkort. Har du fleire andre kredittkort frå før, bør du avslutte nokre av desse før du søker om eit nytt kort. Me anbefaler at du beheld eitt kredittkort til private kjøp og Eika Ansatt til firmautlegg.

Søknaden finn du på denne sida og i mobil- og nettbanken. Den er enkel å fylle ut, og du signerer dokumenta elektronisk med BankID.

Før me avgjer om du kan få kredittkort hos oss, er me pliktige til å foreta ei kredittsjekk av deg.

  • Dei fleste søknader blir innvilga automatisk rett etter at kredittsjekken er utført.
  • I nokre tilfelle treng me litt meir informasjon, og søknaden blir då sendt til manuell vurdering.
  • Har du fleire andre kredittkort eller usikra forbrukslån, kan det hende at me ikkje kan gi deg Eika Ansatt , og du får avslag. I det tilfellet kan du ta ein prat med oss, så kan me saman sjå på moglegheitene for refinansiering.

    Har du spørsmål om søknaden eller treng hjelp undervegs, ta ein prat med oss, så ser me på det saman.
Med Eika Ansatt er du godt sikra når du er på forretningsreiser eller handlar på nett på vegner av bedrifta.

Ei god reise- og avbestillingsforsikring følger sjølvsagt med på kjøpet.
Forsikringa gjeld når minst 50 % av reisekostnadene til transport og overnatting er betalt med kredittkortet.

Gode reklamasjonsordningar dersom uhellet er ute.

Handlar du mykje på nett på vegner av bedrifter, kan det hende at ei bestilling blir borte i posten, eller at du mottar feil leveranse. Då er det godt å vite at du enkelt kan reklamere på kjøpet ved å kontakte oss om reklamasjon. Les meir om korleis du går fram her.
Du får inntil 45 dagars rentefri betalingsutsetjing når du brukar ditt Eika Ansatt Kredittkort. Du vil motta ein månadleg faktura med forfall 5., 15. eller 25., avhengig av kva forfallsdato du vel vel i kredittkortsøknaden. Du kan velje mellom eFaktura og faktura per post, og enkelt gjere ekstra innbetalingar i mobil- og nettbanken.

For å få refusjon frå arbeidsgivar må du levere reiserekningar eller fylle ut utleggsskjema som vanleg. Me kan ikkje sende fakturaen direkte til bedrifta eller knytte det mot bedriftens rekneskapssystem.
Eika Ansatt er eit kredittkort med privatansvar og er ikkje tilknytt din arbeidsgivar. Du beheld kortet vidare om du avsluttar arbeidsforholdet og kan bruke det for å handtere utlegg frå fleire bedrifter på same tid.