Klagehandsaming
Vi har som mål å ha fornøgde kundar. Likevel kan det innimellom oppstå tilhøve som gjer at våre bankkundar ikkje er fullt ut tilfreds. Dersom det er tilfelle, ønskjer vi å høyre frå deg.
Om du opplever noko du ikkje er nøgd med, oppmodar vi deg til å ta kontakt med oss. Kontaktinformasjonen vår finn du under "Om banken".
Du kan også ta kontakt med din kundeansvarlege i banken. Dersom du etter dialog med oss eller kundeansvarleg vel å rette ei formell klage, skal denne framsetjast skriftleg på bankens klageskjema. Skjemaet kan lastast ned på våre nettsider, eller du kan få det tilsendt per post eller e-post.
Skjemaet returnerast til banken pr. post eller personleg i banken med nødvendige opplysningar om eventuelle vedlegg for å dokumentere klaga.
Vi sender deg ei skriftleg stadfesting på at klaga er motteken, samt ein indikasjon på forventa behandlingstid. Stadfestinga skal sendast innan ei veke etter at den formelle klaga er motteken. Alle formelle klager skal svarast skriftleg av banken, og avgjerder som ikkje gir den som klager fullt medhald, skal grunngjevast. Dokumentasjon vedkommande klaga blir oppbevart i fem år etter at klagehandsaminga er avslutta.
Dersom klaga gjeld forsikring, kredittkort, leasing eller andre produkt som banken har formidla på vegner av andre tilbydarar, vil den som klagar bli vist vidare til produktselskapet.
Kontaktinformasjon til Eikas produktselskap
Om du skulle oppleve at klaga ikkje fører fram i banken, kan du ta kontakt med Finansklagenemnda.
Finansklagenemnda
Pb. 53 Skøyen
0212 Oslo
Tlf: 23 13 19 60