Hopp til innholdet

Kva får du med Visa bankkort?

  • Betal kontaktlaust – kjøp under 500 kroner utan PIN-kode
  • Pengane vert trekt direkte frå brukskontoen
  • Bruk kortet i butikk, på nett og i appar – både i Noreg og utlandet
  • Sjå saldo og kjøp i mobilbanken med det same
  • Trygg netthandel med BankID og Visa Secure
  • Digitalt kort – klart til bruk i mobil- og nettbanken før plastkortet kjem
  • Mellombels sperre – frys og lås opp kortet sjølv i mobil- eller nettbank

  Legg kortet i den digitale lommeboka  

Bruk Apple Pay, Google Pay, Samsung Wallet eller Vipps for å betale trygt og kontaktlaust – rett frå mobilen.

Bankkort for barn og unge

Barnet kan få sitt første bankkort frå fylte 6 år. Kortet er gratis, og både foreldre og barn har enkel oversikt – rett i mobilbanken. For tryggleiken si skuld har barnekortet nokre avgrensingar. Ta kontakt med oss, så kan vi bestlle det saman.

Spørsmål og svar om bankkort

Ja, våre bankkort kan brukast internasjonalt i alle terminalar som aksepterer Visa. Sjekk at du ikkje har regionssperre på kortet ditt, det gjer du enkelt i mobilbanken og nettbanken.

Sperr kortet i mobilbanken eller ring +47 915 03 850.. Er du usikker på om det er borte, kan du bruke mellombels sperre.

Finner du det ikkje, kan du sperre det permanent og bestille nytt kort – som blir tilgjengeleg digitalt med det same.

Eit bankkort /debetkort trekkjer pengane direkte frå kontoen. Kredittkort gir deg ei rekning i etterkant.

Vi sender deg automatisk eit nytt kort før det gamle går ut på dato.

Aktiver kortet ved første gongs bruk: Har du fått nytt kort? Halde kortet inntil ein chip-terminal. Du vil då bli bedt om å setje inn kortet og taste inn PIN-koden. Etter dette er kortet klart for kontaktlaus betaling.

Sjekk Bruksløyve:
Gå til mobil- eller nettbank, finn Kort i menyen, vel kortet du vil sjekke. Under "Bruksløyve" ser du om kortet er ope for netthandel og om det er ope for området du er i. Du kan i så fall enkelt fjerne slike sperrer og prøve kortet på nytt.