Hopp til innholdet
to jenter som leser om BSU - Boligsparing for ungdom

BSU - Bustadsparing for Ungdom

  • Vår beste sparerente
  • Inntil 2 750 kr i skattefrådrag
  • Ekstra gunstige lånevilkår den dagen du skal kjøpe bustad

Vår beste rente og årleg skattefrådrag

Er du under 34 år og drøymer om din fyrste bustad? Då er det smart for deg å kome i gang med BSU (Bustadsparing for Ungdom).

Start sparinga i dag

Du får 10 % skattefrådrag på pengane du sparar, og kan få opptil 2 750 kroner kvart år.

Du kan spare opptil 27 500 kroner i året, noko som gir deg eit skattefrådrag på 2 750 kroner. Totalt kan du spare 300 000 kroner.

Det tel positivt å ha BSU-sparing når du skal kjøpe din første bustad og søkjer om bustadlån.

Start BSU-sparinga di i dag og ta eit viktig steg mot ditt nye heim!

Spørsmål og svar om BSU

BSU står for Bustadsparing for Ungdom, og er ei bra moglegheit for deg under 34 år til å spare til eigen bustad. Med BSU-konto får du vår beste sparerente og skattefordelar, som ei god hjelp på vegen til din eigen bustad.

Har du BSU-konto i annan bank? Vi hjelper deg med å flytte BSU-kontoen til oss.

Med BSU kan du få høgare renter samanlikna med mange andre spareformer. Sparer du opp til 27 500 kroner i året, gir det deg eit skattefrådrag på 2 750 kroner. Tenk på BSU som ei god hjelp på vegen til din eigen bustad.
BSU-midla er meint for kjøp av bustad eller nedbetaling av bustadlån. Du kan ta ut pengane fritt dersom dei vert brukt til bustad. Skulle du trenge å ta dei ut til noko anna, så er det mogleg, men då må du betale tilbake skattefrådraget du har fått og du mistar moglegheita til å halde fram BSU-sparinga.
Etter du fyller 34 år kan du ikkje setje inn meir pengar på BSU-kontoen. Pengane kan stå på BSU-kontoen til du er klar for å kjøpe bustad, men renta vil bli sett ned når du har fylt 34 år.
Du kan kun ha éin BSU-konto som gir deg skattefordel.
bsu

Bustadguiden

Det er mykje å tenkje på når du skal kjøpe, byte eller selje bustad. Vi gir deg steg-for-steg oversikt over kva du bør tenkje på både før, undervegs og etter kjøp av bustad.