Hopp til innholdet

Refinansiering

Å refinansiere betyr å erstatte ditt eksisterande lån med eit nytt, ofte for å få betre vilkår eller samle fleire lån og kredittar i eitt. Vi tilbyr to typar refinansiering - med og utan sikkerheit.

Far og son som ligg på golvet og leikar.

Torleiv Hovet

Aut. finansiell rådgjevar - avdelingsbanksjef

Monica Mjåland Thortveit

Aut. finansiell rådgjevar

Tor Arild Rysstad

Aut. finansiell rådgjevar

Erling Sagneskar

Aut. finansiell rådgjevar

Kari Brottveit Rysstad

Aut. finansiell rådgjevar

Spørsmål og svar om refinansiering

Refinansiering med sikkerheit i bustad betyr at du brukar bustaden som pant for lånet. Dette gir deg ei lågare rente samanlikna med usikra lån og kan bidra til å redusere dine månadlege utgifter.
Ved å bruke bustaden som sikkerheit kan du få lågare rente, samle fleire lån til eitt, og få betre oversikt over økonomien din. Dette kan redusere månadlege kostnader og gjere det enklare å handtere gjelda.
Refinansiering utan sikkerheit er ein type forbrukslån der du ikkje brukar bustaden som pant. Dette kan vere ei løysing for å samle mindre lån og kredittkortgjeld til eitt lån med lågare rente og færre kostnader.
Refinansiering utan sikkerheit gir deg moglegheit til å samle fleire små lån og kredittkortgjeld til eitt større lån. Dette kan gi deg lågare rente, færre gebyr og betre kontroll over økonomien din.

Du bør vurdere refinansiering med sikkerheit i bustad dersom du har høg gjeld og ønskjer lågare rente. Dette føreset at du har ledig kapasitet i bustadlånet ditt.

Refinansiering utan sikkerheit er ei god løysing dersom du har mindre gjeld som kredittkort og forbrukslån, og ikkje har moglegheit til å stille med pant.