Er du en av dem som ikkje har BankID eller ikkje kan få BankID, har vi moglegheit til å utføre legitimasjonskontroll på følgande vis:
- Du må oversende bevitna kopi av gyldig legitimasjon per post.
Gyldig legitimasjon er:
- Norske og utanlandske pass (ikkje naudpass)
- Norske nasjonale ID-kort
- Norske førarkort
- Norske bankkort med bilde
- Nasjonale ID-kort utstedt av eit EØS-land (ein oversikt over desse er presentert i utlendingsforskrifta vedlegg 4)
- Norsk utlendingspass (blått pass)
- Norsk reisebevis for flyktningar (grønt pass)
2. Ein bevitna kopi av legitimasjon betyr at riktigheit av dokumentet er bekrefta av to vitne eller annan dokumentasjon i tillegg – for eksempel kopi av sjølvmelding eller anna dokument utstedt av offentleg myndigheit.
Ønskjer du å bruke privatpersonar som vitne, må desse vere over 18 år og busett i Noreg. Vitna må oppgi følgande informasjon og signere på sjølve arket med legitimasjonskopien:
- Fullt namn
- Fødselsdato
- Adresse
- Telefonnummer
- Bekrefte at dokumentet er rett kopi og at det tilhøyrer vedkommande som må legitimerast
- Stad/dato
Høyrest dette komplisert ut, har vi utarbeidd eit eige skjema du kan nytte deg av. Ta kontakt med oss for å få skjemaet tilsendt per post.