Hopp til innholdet
Kvinne betaler rekningar.

AvtaleGiro og eFaktura
  • Med AvtaleGiro er betalinga synleg i betalingsoversikta 7 dagar før forfall
  • Enkelt å endre eller stoppe betalingar
  • Du slepp å fylle ut kontonummer og KID-nummer kvar gong du skal betale

Kvifor bør du ha AvtaleGiro og eFaktura

Å halde oversikt over rekningar og forfall er ei utfordring i ein travel kvardag. Med AvtaleGiro og eFaktura vert kvardagsøkonomien både enklare og tryggare.

AvtaleGiro og eFaktura hjelper deg med å betale i tide. Ikkje berre sparar du tid og purregebyr, men du bidreg òg til ein meir miljøvenleg kvardag ved å redusere papirbruk. Oppdag fordelane med AvtaleGiro og eFaktura, og gjer kvardagsøkonomien litt enklare.

Kva er AvtaleGiro

AvtaleGiro gjer det enkelt å betale faste rekningar som telefon, straum og husleige. Banken ordnar betalinga automatisk, slik at du slepp å tenkje på forfallsdatoar og KID-nummer. Rekningane vert betalt i tide, og du beheld kontrollen over kontoen din. Du kan òg stoppe og endre enkeltbetalingar ved behov.

Kva er eFaktura?

eFaktura er ein ferdig utfylt faktura som vert sendt til nettbanken din. Ved bruk av eFaktura får du rekningar direkte i nettbanken. Det einaste du treng å gjere er å velje belastningskonto og stadfeste, så vert rekninga betalt på forfallsdato.

Visste du at

AvtaleGiro og eFaktura er dei enklaste måtane å betale rekningane dine på. Du får kontroll på at faste rekningar vert betalt i tide, og du slepp å fylle ut kontonummer og KID-nummer. 
Familie i sofaen med PC, nettbrett og blad.

Slik finn du kvardagsflyten i økonomien

Er du klar for å forenkle kvardagsøkonomien din? Med våre digitale bankløysingar kan du få økonomien til å flyte automatisk, slik at du kan bruke tida på det som verkeleg betyr noko

Spørsmål og svar om AvtaleGiro og eFaktura

Med AvtaleGiro slepp du å tenkje på dei faste rekningane som telefon, straum, offentlege avgifter og husleige. Banken ordnar betalinga for deg. Rekningane vert betalt til rett tid, utan at du mister kontrollen over kontoen din. Betalinga legg seg til forfall seinast ei veke før forfallsdato, og gjev deg moglegheita til å stoppe betalinga om ho ikkje er som avtalt.

Tjenesta er den enklaste og mest problemfrie måten å betale rekningar på. Det einaste du treng å passe på, er at det er pengar på kontoen på forfallsdato.

Du vil automatisk bli spurt om du ønskjer AvtaleGiro når du betaler ei rekning i mobil- eller nettbank om mottakaren tilbyr dette. Du kan då opprette avtalen der og då.

Har du tidlegare takka nei til eit tilbod om AvtaleGiro, vil du framleis finne tilbodet ved å gå inn på "Betalingar", "Betalingsavtalar" og velje "AvtaleGiro" øvst på sida. Her vel du "Opprett ny" ved å trykke på dei tre strekane oppe til høgre på sida.

Finner du ikkje tilbodet her, kan du inngå avtalen via AvtaleGiro sine eigne nettsider. Vel "Inngå avtale" litt ned på sida.

Du får varsel om betalingar til forfall anten via betalingsoversikt (ved månadsskifte) eller direkte frå betalingsmottakar.

I mobilbanken set du opp AvtaleGiro på denne måten:

Gå til Meny-> Betalingar-> Betalingsavtalar -> vel AvtaleGiro, eFaktura og Faste betalingar.

Nokre bedrifter tilbyr både eFaktura og AvtaleGiro. Med denne kombinasjonen vert eFakturaen med fakturadetaljane sendt direkte til nettbanken din, og du slepp å godkjenne betalinga – ho vert betalt på forfallsdato med AvtaleGiro. I slike tilfelle er det ikkje mogleg å betale eFaktura, slik at du ikkje risikerer å betale to gonger.

Du beheld full kontroll over rekningane og finn enkelt att betalte rekningar. Hos nokre bedrifter er denne kombinasjonen ein føresetnad for å sleppe fakturagebyr.

eFaktura er ein ferdig utfylt faktura du mottek i mobil- og nettbanken. eFaktura vert lagt på ditt personnummer, så dersom du brukar fleire bankar (eller byter bank) vil du sjå og behandle eFaktura i den banken du ønskjer. Du får òg berre lagt eFaktura-kravet til betaling i ein nettbank, så det er heller ikkje risiko for å betale fleire gonger.

NB! Slettar du eit eFaktura-krav eller ein eFaktura-avtale i ein av bankane, vil dette òg verte sletta frå alle andre nettbankar.

  1. Opne mobil- eller nettbanken
  2. Gå til meny og vel Betaling
  3. Vel eFaktura og trykk På
  4. Vel gjerne kva konto eFaktura fast skal trekkjast frå, til dømes ein rekningskonto
  5. Registrer ein epostadresse om du ønskjer å motta varsel på epost i tillegg.

Alle som tilbyr eFaktura kan no sende deg, slik at du mottek det i mobil- og nettbanken. Du får eit varsel i mobil- eller nettbank – eller Vipps, kan gå inn og sjekke, eventuelt endre, godkjenne beløpet – så vil fakturaen automatisk verte betalt på forfallsdato. Veldig enkelt og trygt, og ein mindre ting å hugse på.

For mange kunder er det ønskelig at andre (samboer, ektefelle eller andre) skal kunne se og behandle en eFaktura, og for det har vi utviklet «Del eFaktura» der du kan be om at dine eFakturaer også skal være tilgjengelig for de du utpeker. Du kan dele alle eFaktura eller noen utvalgte.

NB! "Del eFaktura" er en fullmakt som kun gjelder innenfor den banken den inngås, slik at den som mottar denne fullmakten ikke får tilgang til den i andre banker vedkommende måtte bruke.