Hopp til innholdet
Jente ser drøymande ut.

Forbrukslån
  • For deg med små og eller større draumar 
  • Du kan velje nedbetalingstida sjølv 
  • Du kan låne inntil 500 000 kroner utan sikkerheit       

Eit forbrukslån kan gi deg ekstra handlingsrom 

Har du fleire små eller mellomstore prosjekt på gang, eller møter på uforutsette utgifter? Då kan eit usikra lån gi deg handlingsrommet du treng.  

Lurt å tenkje på:

  • Eit forbrukslån er rimelegare enn eit kredittkort, men dyrare enn eit billån eller bustadlån.
  • Lånet passar godt for deg som har god kontroll over økonomien og kan innfri lånet innan rimeleg tid.
  • Du bør ikkje låne meir enn det du treng og prøve å nedbetale lånet så raskt du kan.
  • Hos oss får du ei individuell vurdering og nokon å snakke med om du lurer på noko undervegs.
  • Du får god oversikt over lånet i mobil- og nettbanken.
  • Det er lurt å sikre forbrukslånet med ei betalingsforsikring.

Priseksempel forbrukslån og refinansiering: 

90 000 kr over 3 år, nom. rente 11,14 %, eff. rente 13,32 %, etableringsgebyr 650 kr, mnd. gebyr 40 kr, totalt 108 500 kr.

Sjekk prislista og avtalevilkåra for meir informasjon.

Spørsmål og svar om forbrukslån

Eit forbrukslån er eit lån som du kan bruke til det du sjølv ønskjer. Det er eit usikra lån, som betyr at du ikkje treng å stille sikkerheit i eigedelar som bustad eller bil. Les meir om forbruksfinansiering her.

Alle over 18 år med ein stabil inntekt, god betalingshistorikk og ingen betalingsmerknader kan søkje om eit forbrukslån.

Du kan søkje om forbrukslån ved å sende inn ei uforpliktande lånesøknad digitalt eller ta kontakt med oss for ein rådgjevarprat. Får du søknaden innvilga, kan du signere lånedokumenta elektronisk med BankID, og lånet vil normalt bli utbetalt innan 1 arbeidsdag.

Under søknadsprosessen blir det utført ei kredittvurdering basert på din økonomi. På bakgrunn av denne fastset me renta me kan tilby deg og vurderer di evne til å tilbakebetale lånet. Under kredittvurderinga ser me blant anna på di inntekt, gjeld, betalingshistorikk og tilsetjingsforhold.

Hos oss får du ei individuell rente på lånet tilpassa den heilskaplege vurderinga av di økonomi. I tillegg får du eit etableringsgebyr på 650 kr og eit termingebyr på 40 kr. Desse kostnadene er inkludert i den effektive rentesatsen på lånet.

Som regel blir forbrukslånet utbetalt innan éin arbeidsdag etter at lånedokumenta er signerte med BankID.

Du kan betale tilbake på lånet ved å opprette AvtaleGiro for automatiske trekk kvar månad eller akseptere eFaktura i mobil- og nettbanken. Lånet nedbetaler du månadleg i samsvar med nedbetalingsplanen.

Ønskjer du å forlenge nedbetalingstida, kan du søkje om dette i mobil- og nettbanken. Du kan også korte ned på nedbetalingstida ved å betale inn ekstra på lånet ved høve.

Har du fått ny arbeidsgivar og endra lønningsdag, kan du enkelt endre forfallsdato på din månadlege faktura eller AvtaleGiro i mobil- og nettbanken. Her finn du også andre nyttige tenester som til dømes fakturaarkiv, nedbetalingsplan og moglegheit for å knyte ei betalingsforsikring til lånet.

Får du økonomiske utfordringar undervegs som gjer at det blir vanskeleg å betale, er det best at du kontaktar oss så fort som mogleg slik at me kan finne ei løysing.

Informasjon om lånet finn du i mobil- og nettbanken.

Her får du enkelt tilgang til:

  • Hovudoversikten over lånet ditt
  • Nedbetalingsplanen
  • Moglegheita til å endre forfallsdato på din eFaktura eller AvtaleGiro
  • Fakturaarkivet
  • Ekstra innbetaling
  • Moglegheita til å kjøpe betalingsforsikring
  • Moglegheita til å søkje om avdragsfridom eller forlenging av nedbetalingstida
  • Moglegheita til å søkje om eit nytt lån

Har du usikra gjeld hos fleire bankar?