Hopp til innholdet

Klagehandsaming

Me har som mål å ha fornøgde kunder. Likevel kan det av og til oppstå tilhøve som gjer at våre bankkundar ikkje er fullt ut tilfreds. Dersom det er tilfelle, ynsker me å høyre frå deg.

Viss du er misnøgd med noko, ber me deg ta kontakt med oss. Vår kontaktinformasjon finn du på nettsidene under "Om banken". 

Du kan også ta kontakt med din kundeansvarlege i banken. Dersom du etter dialog med oss eller kundeansvarleg vel å rette ei formell klage, skal denne framsettast skriftleg på bankens klageskjema. Skjemaet kan lastes ned på våre nettsider, eller du kan få det tilsendt per post og e-post. 

Last ned klageskjema

Skjemaet returnerast til banken pr. e-post , ordinær post eller personlig i banken med nødvendige opplysningar om eventuelle vedlegg for å dokumentere klaga.

Me sender deg ei skriftleg stadfesting på at klaga er motteken, samt ein indikasjon på forventa behandlingstid. Stadfestinga skal sendast innan ei veke etter at den formelle klaga er motteken. Alle formelle klager skal svarast skriftleg på av banken, og avgjerder som ikkje gjev den som klagar fullt medhald, skal grunngjevast. Dokumentasjon vedrørande klaga vert oppbevara i fem år etter at klagehandsaminga er avslutta. 

Dersom klaga gjeld forsikring, kredittkort, leasing eller andre produkt som banken har formidla på vegne av andre tilbydarar, vil den som klager bli henvist til produktselskapet.

Kontaktinformasjon til Eikas produktselskaper 

Om du skulle oppleve at klaga ikkje fører fram i banken, kan du ta kontakt med Finansklagenemnda.

Finansklagenemnda 
Pb. 53 Skøyen 
0212 Oslo 

Tlf: 23 13 19 60

www.finkn.no