Hopp til innholdet
Jente som ser på mobilen.

Vi treng oppdatert ID

For å unngå svindel og kriminalitet må vi ha oppdatert legitimasjon frå kundane våre. Å legitimere deg digitalt tek kun 5-8 minutt.

Dette treng du for å legitimere deg digitalt:

  • Pass eller nasjonalt ID-kort
  • BankID-appen

Slik kjem du i gang:

  1. Last ned BankID-appen og finn fram pass, nasjonalt ID-kort eller ID-kort frå EU/EØS-land
    BankID-appen må lastast ned på telefonen din frå Google Play eller App Store før du kan starte ID-sjekken. Du treng ikkje aktivere appen før du tar den i bruk. Du kan kun nytte pass, nasjonalt ID-kort eller ID-kort frå EU/EØS-land til legitimeringa. NB: Hugs å sjekke at pass eller ID-kort er gyldig før du begynner, samt at telefonen din støttes (iPhone må vere iOS 13 eller nyare, Android må vere 7.0 eller nyare).

  2. Start ID-sjekken og vel legitimasjon
    Du må vere logga inn i mobilbanken for å kunne starte ID-sjekken. Du finn ID-sjekken under Profil og innstillingar, Kontaktinfo og ID, og Start ID-sjekk. Når du startar ID-sjekken vil du bli tatt med over til BankID-appen der sjølve legitimeringa føregår.

  3. Bruk mobilen til å ta bilete og scanne legitimasjonen din
    For å kunne scanne bilete av deg sjølv må du ha ein smarttelefon (iPhone må vere iOS 13 eller nyare, Android må vere 7.0 eller nyare). Du skal ta bilete av deg sjølv, av biletedelen i passet ditt, samt scanne passet sin chip (ved å leggje mobiltelefonen oppå passet). Korleis dette gjerast ser du i videoen under.

Spørsmål og svar om legitimering 

Vi må sørge for at vi til kvar tid har oppdatert informasjon om kundane våre i henhald til kvitvaskingslovgivinga. Dette gjeld for alle bankar i Noreg. Vi er derfor pålagt å innhente kopi av gyldig identifikasjon der dette er nødvendig.

Det enklaste er å legitimere deg elektronisk. Du går inn i mobilbanken og finn "Kontaktinfo og ID" under "Profil og instillingar". Her trykker du på "Start ID-sjekk".

ID-sjekk med mobilbank
Du må sørgje for å ha lasta ned BankID-appen og ha pass, nasjonalt ID-kort eller ID-kort frå EU/EØS-land tilgjengeleg før du startar. I mobilbanken klikker du på "Kom i gang" og så blir du automatisk tatt med til BankID-appen etter at du har gitt ditt samtykke. Så er det berre å følgje instruksjonane derfrå.

Har du ikkje smarttelefon, mobilbank eller ønskjer du ikkje å laste ned BankID-appen, kan du legitimere deg fysisk hos banken. Ta kontakt med oss for å avtale time.

Når du skal legitimere deg elektronisk er det kun pass, nasjonalt ID-kort eller ID-kort frå EU/EØS-land som kan brukast. Du kan ikkje bruke førarkort eller bankkort med bilete til dette.

Har passet ditt gått ut, eller har du ikkje pass eller ID-kort, må du møte opp fysisk i banken. Då kan du bruke følgjande legitimasjon i tillegg:

  • norsk førarkort utstedt etter 01.01.98
  • norsk bankkort med bilete (frå ein annan bank)

Merk at legitimasjonen ikkje må ha gått ut på dato, samt at du ikkje kan bruke naudpass som legitimasjon.

Vi behandlar alle opplysningar vi innhentar for å ivareta krava om identifisering av kundar i henhald til lovkrav. Ein fil med informasjon henta ut av passet ditt, samt biletet som du tar med appen, blir derfor arkivert hos oss. Sletting av personopplysningar vil også skje i henhald til desse lovkrava. Dersom du har spørsmål eller kommentarar til våre personvernrutinar og vårt personvernombod, finn du rettleiing til korleis du kan henvende deg i «personvernerklæringa».

Vi må sørgje for at vi til kvar tid har oppdatert informasjon om kundane våre i henhald til kvitvaskingslovgivinga. Dette gjeld for alle bankar i Noreg. Vi er derfor pålagt å innhente kopi av gyldig identifikasjon der dette er nødvendig.

Ønskjer du ikkje å legitimere deg på nytt, kan vi vere forplikta til å avvikle kundeforholdet.