Hopp til innholdet
Eit par sit på golvet og tar ein pause mens dei målar ein vegg i ei lys stove.
Å finne riktig finansiering kan vere like vanskeleg som å bli einige om fargen på stueveggene.
Forbrukslan

På tide med eit nytt malestrøk i stova?

Me har nokre gode råd til deg som har eit lite eller større oppussingsprosjekt i sikte.

Har du også valt å fornye heimen din? Mange får ny energi av vår- og sommarsola og føler seg klare for å gripe fatt i nye oppussingsprosjekt.

Uansett om du berre skal male litt eller kaste deg ut i nokre større prosjekt, har me nokre gode tips til deg:

  • Sørg for å leggje ein god plan

    Med ein god plan unngår du dyre overraskingar undervegs – og du kan jobbe meir effektivt. Sett opp ein totalplan som inneheld alle delmål og totalresultatet du ønskjer å oppnå. Lag eit detaljert budsjett og rekn ut kostnadene på alle delprosjekt. Jo større oppussingsbehovet ditt er, jo viktigare er planlegginga.
  • Finn ut kva du kan gjere sjølv ...

    Det er veldig mange oppussingsoppgåver som du kan gjere sjølv. Maling, riving og legging av parkettgolv er typiske oppgåver du kan handtere på eiga hand.
  • ... og kva du bør overlate til fagfolk

    Dette er sjølvsagt avhengig av kva forkunnskapar du har. Mange vil for eksempel spare mykje tid og få eit betre resultat ved å setje bort jobbar som sparkling og pussing av mur. I tillegg bør du bruke fagfolk til arbeid som omfattar berande konstruksjonar og VVS. Her kan nemleg små feil bli svært kostbare. Elektrikararbeid er du lovpålagt å ha fagfolk til å gjere.
  • Hent inn tilbod frå fleire handverkarar

    Dei fleste synes det er trygt og behageleg å hente inn tilbod frå ein totalentreprenør som gir éin pris for heile jobben. Dessverre kan det bli unødvendig dyrt – i alle fall om du ikkje hentar inn tilbod frå fleire leverandørar. Det aller beste er å ta kontakt med kvar enkelt handverkar på eiga hand. Det krev litt meir av di tid, men kan potensielt spare deg for titusenvis av kroner i administrasjonstillegg.
  • Kjøp rimelege material

    Bruk tid på å sjekke prisar frå fleire forhandlarar. Det er viktig at du har hugsa punkt 1 og har ei innkjøpsliste med material du kan vise til når du snakkar med butikkane. Skal du handle i store mengder bør du prøve å forhandle fram ein rabatt.
  • Vel riktig finansiering

    Mange ser berre på renta når dei skal låne pengar til oppussing og endar opp med å bake prosjektet inn i bustadlånet. Hugs at nedbetalingstida har like mykje å seie, spesielt om du skal i gang med mindre oppussingsprosjekt og her kan eit forbrukslån vere eit betre alternativ. Ta ein prat med oss så kan vi saman finne den løysinga som passar best til di økonomi.
  • Tenk kreativt

    Les interiørblad, sjå oppussingsprogram på TV og søk på nettet etter gode råd og tips. Det er ein heil haug med smarte (og rimelege) råd der ute.

Lukke til!

Kjelder: Aktiv Eigedom, smartepenger.no, nrk.no, ifi.no og skikkeligrorlegger.no.