Med UNG-forsikring har du både innbuforsikring, reiseforsikring og ulukkesforsikring i ei forsikring.
Vår beste innbuforsikring sikrar tinga dine viss noko skulle skje. Reiseforsikringa gjeld med ein gong du går ut døra heime. Ulykkesdekninga gjeld også når du er heime. Ulukkesforsikring kan dekke behandlingsutgiftene dine viss du har vore i ei ulukke og gir erstatning ved varig skade eller død.
Visste du at?
Når du flyttar heimefrå må du ha dine eigne forsikringar. Det kan vere vanskeleg å vite kva forsikringar du bør ha. UNG-forsikringa er laga for å sikre deg – på ein enkel og trygg måte.
For 3108 kroner i året sikrar du deg og din familie med våre beste forsikringar: Innbu Pluss, Reise Pluss og ulukkesforsikring. Det er berre du som kjøper forsikringa som må vere under 34 år.
Ung i utlandet
Dette er forsikringa for deg som studerer utanlands, jobbar som au pair eller frivillig i utlandet. Den består av reise- og ulukkesforsikring og kan utvidast med innbu- og studieavbruddsforsikring.
Om forsikring
Forsikringane våre blir levert av Fremtind, men det er oss i banken du skal kontakte om du har spørsmål eller treng hjelp.
Spørsmål og svar om UNG-forsikring
Alle mellom 18 og 34 år kan kjøpe denne forsikringa. Den kan også gjelde for heile familien din viss du vel UNG familie. Det er berre du som kjøper forsikringa som må vere under 34 år. Partnaren din kan vere eldre. Når du fyller 35 år vil forsikringa automatisk bli fornya. Den har ingen opphørsgrense med tanke på alder.
For berre 176 kroner i månaden får du som er under 34 år våre beste forsikringar som sikrar deg både heime og på reise. Viss du vel å forsikre dine verdifulle gjenstandar samtidig kostar det nokre kroner ekstra og blir 204 kroner i månaden.
Viss du studerer i utlandet kan du kjøpe ei eiga forsikring som heiter Student i utlandet. Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg med det!