Hopp til innholdet
Ung mann og kvinne på kafé med mat og kaffi
Å leve på studielån kan nokre gonger kjennast tungt, men med nokre enkle grep får du pengane til å strekkje litt lenger.
UNG-forsikring

Slik får du betre studentøkonomi på 1-2-3

Livet som student treng ikkje å vere ei symfoni av nudlar, hollete sokkar og kjipe telefonar heim. Følg desse tipsa, og få det litt romslegare økonomisk.

Å balansere studiar og stæsj på studentbudsjett, er som ein evig berg-og-dalbane, og nokre gonger kjennest det kanskje som om pengane så vidt får deg til å halde hovudet over vatnet.

Men det er håp – om du berre set av litt tid og planlegg litt. Det er kanskje basic, men gjer du det no, kan du kanskje få det litt romslegare økonomisk.

Gode tips til ein betre studentøkonomi på 1-2-3

1. Planlegg kvardagen din

  • Skaff deg oversikta over kor mykje pengar du har og brukar kvar månad, både faste og løpande utgifter.
  • Skru ned på utgiftene viss du kan. Har du nokre dyre (u)vanar du bør kutte ut? Kan du kjøpe matvarene du treng for ei veke i éin smekk, ta med kaffi på termosen og følge med på tilbod i butikken?
  • Får du pengar til overs, kan du setje dei inn på ein BSU-konto. Ikkje berre er det den smartaste måten å spare til bustad på, men det kan også gi deg inntil 2 750 kroner i skattefrådrag.
  • Du bør også, viss du kan, setje av nokre pengar til uforutsette utgifter.
  • Betal alle rekningane dine i tide slik at du unngår purregebyr.
  • Pass samtidig på at du er ordentleg forsikra. Vår UNG-forsikring gir deg tre forsikringar på éin plass til ein billig penge.

2. Auk inntektene dine

  • Ta ut heile studielånet. Det er rentefritt når du studerer, og har du flytta heimanfrå kan inntil 40 prosent av lånet gjerast om til stipend.
  • Jobb ved sidan av studia og/eller om sommaren når du ikkje får pengar frå Lånekassen. I 2024 kan du tene inntil 214 213 kroner og framleis ha rett til maksimalt stipend.
  • Søk om legatar og stipend. Kvart år blir det delt ut fleire hundre millionar kroner til studentar. Stønaden er stort sett skattefri og påverkar ikkje støtta du får frå Lånekassen.
  • Sjekk ut stipendportalen.no eller legathandboken.no for en fin oversikt (eksterne lenkjer).
  • Har du barn du forsørgjer? Hugs at du kan søke om forsørgarstipend (ekstern lenkje).
  • Kickstart studiet med å selje dei gamle pensumbøkene dine.
  • Sel klede, sko eller stæsj du ikkje brukar lenger.

3. Bruk alle studenttriksa i boka

  • Skaff deg eit gyldig studentkort. Då får du rabattar på alt frå buss og fly til klesbutikkar og tannlegar.
  • Smør ei matpakke i staden for å svi av pengane på lunsj i kantina. Ta med kaffi på termosen. Kostar den kaffien du kjøper kvar dag 40 spenn og du gonger det med 150 dagar blir det faktisk 6 000 kroner til saman.
  • Er du medlem av ei fagforeining? Dei har gjerne ekstra gode rabattar og avtalar du bør nytte deg av – og hos dei fleste fagforeiningar kostar det nesten ingenting å vere studentmedlem.
  • Kan du kutte ut nokre strøymetenester eller bytte abonnement?
  • Tren på treningssenteret til skulen eller meld deg inn i studentidrettslaget. Dei pleier som regel å vere billigare enn dei vanlege treningsstudioa.
  • Sjå etter gratis møblar og ting som blir gjeve bort på finn.no – eller kjøp/sal/byte-sider på Facebook. Skulebøkene kjøper du sjølvsagt brukt om det er mogleg.
  • Lag ein middagsklubb. Gå saman med nokre vener og lag middag saman, det er både billigare og hyggelegare enn å ete aleine.
  • Treng du nye klede? Utsett den shoppingturen og prøv ein bytekveld med vennegjengen først.
  • Legg igjen bankkortet heime når du drar på byen og ta heller med ein liten sum kontantar. Hugs førarkortet eller annan gyldig ID som legitimasjon.

Her er nokre appar som kan hjelpe deg på vegen

Mattilbud

Mattilbud gir deg ei oversikt over dagens tilbod i alle dei største matvarekjedene i Noreg.

Last ned Mattilbud i App Store

Last ned Mattilbud i Google Play

Evernote

Evernote lar deg samle alle notatane dine på éin plass.

Last ned Evernote i App Store

Last ned Evernote i Google Play

Settle Up

Bur du i eit kollektiv? Med Settle Up kan du halde styr på kven som har betalt for kva i kollektivet.

Last ned Settle Up i App Store

Last ned Settle Up i Google Play

Gode tips frå nokon som akkurat var i same situasjon

Visste du at?

Det blir delt ut fleire hundre millionar kroner i legatar og stipend kvart år? Og at desse stønaden stort sett er skattefri?
Ung kvinne og mann på kafé

Er du mellom 18 og 34 år og treng forsikring?

Med UNG-forsikring har du både innbuforsikring, reiseforsikring og ulukkesforsikring i éin forsikring. Det gjer alt mykje enklare.