Hopp til innholdet
Små barn venter på gulvet på en flyplass
Reiseforsikring

SmartDelay+

Få plass i lounge dersom flyet ditt blir forseinka.

Når flyforsinkingar oppstår, tilbyr SmartDelay+ ei unik løysing. Tilleggstenesta er inkludert i Reise PlussUNG, og Eika Pluss, og tilbyr gratis adgang til flyplasslounge dersom flyet ditt er forseinka meir enn ein time.

Med SmartDelay+ blir ventetida ei anledning til å slappe av i staden for å stressa. Du og inntil fire medreisande får tilgang til komfort, mat og drikke, og Wi-Fi i ein roleg lounge.

Når du registrerer reisa kan du også hake av om du vil bruke AirHelp. AirHelp fungerer slik at om flyet ditt blir kansellert, søker SmartDelay+ automatisk om kompensasjon for deg inntil 600 euro med ein serviceavgift på 35 % av kompensasjonen.

For å nyte godt av SmartDelay+, må reisa registrerast seinast to timar før avreise. Registreringa sikrar at du kan bruke fordelane dersom det oppstår ei forsinking på 60 minutt eller meir. SmartDelay+ gjeld ikkje for kansellerte flyvningar.

SmartDelay+ viser korleis vi set kunden i fokus, der di tid og komfort står i sentrum, sjølv når reisa tar ei uventa vending. Vel SmartDelay+ for ro i sinnet – fordi di reisetid er verdifull, sjølv når ting ikkje går som planlagt.

Flyet mitt er forseinka – kva no?

Dersom du har registrert reisa di og flyet ditt blir meir enn ein time forseinka, får du ein kupong på SMS som gir deg tilgang til lounge.

Den som har registrert reisa får alle kupongane for reisefølget.

Dersom det ikkje er lounge på avreiseflyplassen din, vil du få ein SMS om utbetaling via Paypal i staden. Etter det sender PayPal deg instruksjonar for kva du må gjere for å få pengane utbetalt. Den som registrerte reisa får pengane for heile reisefølget.

Gratis lounge dersom flyet ditt blir forseinka

No inkluderer Reise Pluss, UNG og Eika Pluss-forsikringane våre tenesta SmartDelay+, som gir deg tilgang til ein lounge på flyplassen dersom flyet ditt blir meir enn 1 time forseinka. Reise Pluss

Spørsmål og svar

Ja, du må registrere barn som er med på reisa. Kvar enkelt lounge har eigne retningslinjer i forhold til om barn har tilgang. Du kan lese om loungen på flyplassen du skal reise frå på desse nettsidene (ekstern lenkje).
Du kan registrere reisa di på desse nettsidene til SmartDelay(ekstern lenke).
SmartDelay+ gjeld for alle flyselskap som gir oppdatert informasjon når det skjer forsinkingar. Unntaket er charterselskap som for eksempel Ving, TUI og Apollo.

Forsikra fra du går ut døra

Reiseforsikringa gjeld frå du går heimefrå til du er tilbake igjen heime. Du er sikra på alt frå ein rask tur til butikken, til ein lengre tur til eksotiske strøk.