Hopp til innholdet
familie foran hus
Boliglan

Kva er bustaden din verdt?

Lurer du på kva bustaden er verdt, eller kva som skal til for å auke verdien? Her er dei viktigaste faktorane for verdivurdering og tips til enkle grep du kan ta.

Verdivurdering av bustaden din

Ei verdivurdering vert utført av ein eigedomsmeklar og gir deg eit estimat på kva bustaden din er verdt. Verdien vert styrt av marknadsverdien, altså kva andre er villige til å betale. Faktorar som beliggenhet, standard, tal på soverom og storleiken på bustaden påverkar også verdien. Ei verdivurdering gir deg eit estimat for prisantydning ved sal av bustad eller refinansiering av bustadlånet ditt.

Kva er skilnaden på verdivurdering og e-takst?

Verdivurdering og e-takst vert ofte brukt om kvarandre, men det er ein skilnad mellom dei to.

E-takst

Skal du søke refinansiering av bustadlånet eller forhandle på bustadlånsrenta, held det ikkje med verdivurdering. Bankane krev ein e-takst som ikkje er eldre enn 6 månader. Ein e-takst er elektronisk dokumentasjon som fastset bustadens verdi basert på statistiske data for standard, beliggenhet og salgspris for tilsvarande bustader i området. Dette, saman med eigedomsmeklaren si erfaring og kunnskap om bustadmarknaden, gir ei verdivurdering av kva eigedommen kan bli seld for i dagens marknad. Denne vert dokumentert og lagt inn i ein database som både du og banken får tilgang til.

Verdivurdering

Ei verdivurdering er eigedomsmeklaren sitt estimat av bustadens verdi basert på kva liknande bustader har blitt seld for i området. Dette vert brukt kun til å gi eit estimat på salgspris.

Kva avgjer bustadens verdi?

Bustadmarknaden endrar seg ofte raskt, og derfor vil verdien på din bustad også endre seg. Det er enkelte ting du kan påverke for å auke verdien av bustaden, som til dømes å oppgradere, pusse opp eller gjere små endringar. Her er kva som vert lagt til grunn i ei verdivurdering av din bustad:

Dette avgjer bustadens verdi:

  • Beliggenhet og bomiljø
    Områder med gode kollektivforbindelsar og lite støy aukar etterspørselen og dermed verdien på bustaden. Nærleik til skule, barnehage, matbutikk og idrettssenter trekkjer også verdien opp.
  • Bustadens standard og storleik

    Tilstanden på bad, kjøkken, elektrisk anlegg og røropplegg er spesielt viktige, då desse er dyre å oppgradere.
  • Planløysing og moglegheiter

    Kan bustaden gjerast om frå ein to-roms til ein tre-roms? Er planløysinga luftig og opnar for alternative løysingar? Kan du bruke kjellaren eller ein del av bustaden som utleiedel? Jo fleire moglegheiter bustaden gir, desto meir aukar verdien.

I tillegg vert bustadens verdi vurdert ut frå:

  • Tal på kvadratmeter

  • Utsikt

  • Peis

  • Balkong

  • Etasje, hvis det er ei leilegheit

Er du nysgjerrig på kva bustaden din er verdt?

Har du verdivurderinga i boks, kan du lettare planleggje jakta på ny bustad og raskare sikre deg draumebustaden når den dukkar opp.

Bustadguiden

Det er mykje å tenkje på når du skal kjøpe, byte eller selje bustad. Vi gir deg ei steg-for-steg oversikt over kva du bør tenkje på både før, under og etter kjøp av bustad.