Hopp til innholdet
Jente som står med flytteesker
Boliglan

Sjekkliste for overtaking av bustad

Skal du overta ny bustad? Det er viktig at du sjekkar bustaden grundig før overtaking. Finner du manglar eller skader, må du melde frå til tidlegare eigar med ein gong.

Overtaking av bustad

Har du kjøpt ny bustad, er det viktig at du tek ein grundig sjekk ved overtakinga. Vanlegvis er både kjøpar og seljar til stades, og de møtast i den nye bustaden. På overtakinga går de gjennom bustaden og fyller ut overtakingprotokollen, ein digital protokoll som du og seljar får tilsendt frå eigedomsmeklar på førehand. Etter at de har gått gjennom bustaden og signert overtakingprotokollen, kan nøklane overleverast, og kjøpesummen vil bli overført til seljar.

Er bustaden reingjort og er alt som avtalt i kjøpekontrakten til stades? Dette gjeld blant anna kvitevarer, garderobeskap, fastmonterte møblar og lampar. Er det feil eller manglar som har oppstått etter visninga, her gir vi deg ei lita sjekkliste før overtaking.

Sjekkliste for overtaking av bustaden

  • Vasking

    Sjå etter grundig reingjering i alle rom, inkludert innbu og lausøyre som følgjer med.

  • Lausøyre

    Sjekk at alt lausøyre som er avtalt, følgjer med.

  • Nøklar

    Kjøpar skal ha alle sett med nøklar, også til garasje og boder.

  • Skade og feil

    Sjå etter skader og feil på bustaden. Har det oppstått nokre skader etter visninga?

  • Tekniske installasjonar

    Sjekk ventilasjon, varmepumper, smarthus, sentralstøvsugar og liknande. Kor er dei, og korleis verkar dei?

  • Straum og vatn

    Hugs å lese av straum, vassmålar og andre målarar.

  • Overtakingprotokoll

    Fyllast ut og signerast av både seljar og kjøpar.

  • Felleskostnadar og andre utgifter

    Få oversikt over faste felleskostnadar og utgifter knytt til bustaden.

  • Penger på konto

    Pengane for sal av bustaden må vere betalt inn før overtakinga.

Det finst ein lov om overtaking av eigedom som klargjer krav og rettar for både seljar og kjøpar.

Har du hugsa alle forsikringar?

Den nye bustaden din skal vere heim for mange år framover. Det er smart og viktig å ha forsikringar som gir ekstra tryggleik og sørgjer for at du ikkje står utan noko dersom noko skulle skje.

Innbuforsikring

Ei innbuforsikring dekkar skade på tinga dine – som datamaskin, klede, verktøy, sportsutstyr og kjøkenreiskapar. Ofte er innbuet verd meir enn du trur. 

Finn ut meir om innbuforsikring her.

Husforsikring 

Ei husforsikring omfattar tap ved brann-, vatn-, tjuveri- og naturskader, og gjeld for einebustad, tomannsbustad og rekkehus. Hugs at du som regel er dekt av forsikringsavtala burettslaget har, dersom du har kjøpt ei burettslagsleilegheit.

Finn ut meir om husforsikring her

Personforsikring

Det er mykje vi kan planleggje her i livet, men å føresjå framtida kan ingen. Våre personforsikringar gir deg tryggleik om det utenkelege skulle skje.

Finn ut meir om personforsikring her.

Bustadguiden

Det er mykje å tenkje på når du skal kjøpe, byte eller selje bustad. Vi gir deg ei steg-for-steg oversikt over kva du bør tenkje på både før, under og etter kjøp av bustad.