Hopp til innholdet

Husforsikring

Her finn du våre ofte stilte spørsmål om husforsikring 

Spørsmål og svar om husforsikring

Eigenandel er den delen av kostnaden du sjølv betalar når du har fått ei skade og skal bruke forsikringa di. Når du kjøper forsikring, vel du kva eigenandel du vil ha. Eigenandelen er på 6000 kroner om ikkje anna kjem fram av forsikringsbeviset.
Når du flyttar må du ordne ei ny forsikring. Ta kontakt med oss så hjelper vi deg.
Husforsikringa dekkjer naturskadar som direkte skuldast skred, storm, flaum, stormflo, flodbølge, meteorittnedslag, jordskjelv eller vulkanutbrot.

Den dekkjer også fysiske skadar på bygning og bygningsdelar, samt lukt, forårsaka av rotter eller mus. Ekstra forsikring som dekkjer bekjempelse av skadeinsekt, mus og rotter kan du kjøpe som eit tillegg.
Du kan endre på husforsikringa via Mine sider. Ved større endringar tilrår vi at du tar kontakt med oss, eller din rådgjevar for rettleiing.
Viss du gjer tiltak for å sikre huset ditt, som tryggleiks- og skadeførebyggjande tiltak vil det få direkte utslag på prisen på forsikringa. Døme på dette kan vere lekkasjestopp i alle våtrom, nytt røropplegg i heile bustaden, el-kontroll, nytt sikringsskap og liknande.