Slik kan du førebu deg på flaum og uvêr
Her får du 10 gode råd som kan beskytte deg og huset ditt mot naturkreftene.
10 gode råd for å sikre heimen din
1. Kjøp ei husforsikring
Noko av det aller første du bør gjere, er å kjøpe ei bustadforsikring (viss du ikkje allereie har ei).
Husforsikringa vår, dekkjer naturskadar som direkte skuldast naturulykker som for eksempel skred, storm, flaum, stormflo eller flodbølgjer.
2. Sørg for at avløp og kummar er opne, slik at vatnet har fritt leide
Dette hjelper vatnet å renne bort i staden for at det hopar seg opp og potensielt fløymer over inn på eigedomen din.
3. Pass på at bekker som ligg i nærleiken ikkje er demde opp av hageavfall, kvistar eller andre gjenstandar
Fjern alt som hindrar vatnet å flyte fritt. Det reduserer sjansen for oversvømmingar. Flytt dei til ein stad der dei ikkje kan bli tekne av vatnet.
4. Rydd hagen før flaumen kjem
Er det fare for flaum, fjern alle møblar, lause materialar, grillen og ting som kan bli tekne av vatnet vekk frå hagen din. Då kan dei verken bli tekne av flaumen eller skade din eller naboen sin eigedom.
5. Løft ting opp frå golvet
Er det fare for at vatn kan kome inn i kjellaren eller garasjen din, bør du løfte gjenstandar opp frå golvet. Set ting i hyller, reolar og plastboksar som toler vatn.
6. Fjern lause teppe og lause golvbelegg
Ikkje berre kan dei bli øydelagde av vatn eller skade andre ting, men det blir mindre rot å rydde opp i etterpå.
7. Lukk dører og vindauge til kjellar og loft. Dekk til med sandsekkar om det er nødvendig
Dette kan bidra til å halde mykje av vatnet ute og redusere noko av risikoen for vasskadar inne.
8. Følg med på nyheitene
Følg med på nyheitssendingar og meldingar frå lokale styresmakter. Ved ei stor hending, kan det bli sett i verk tiltak frå styresmaktene.
9. Følg med på naturfarevarslar der du bur
På varsom.no (ekstern lenkje) kan du sjekke aktuelle naturfarevarslar frå Norges vassdrags- og energidirektorat og Meteorologisk institutt i området du bur.
Du kan også abonnere på varsla på e-post og SMS straks dei blir publiserte.
10. Få hjelp av naboar eller vener
Er du ikkje heime, bør du gjere ein avtale med naboane eller venene dine, slik at dei kan halde eit auge med huset ditt og gjere nødvendige tiltak viss det trengst.
Visste du at?
Kjelde: regjeringen.no