Hopp til innholdet
Mange undervurderer verdien av det som ligg i skuffer og skap. Sørg for å ha ei god nok innbuforsikring dersom noko uventa skulle skje.
Tips- og rad

Veit du kor mykje du eigentleg eig?

Du har større verdiar enn du trur. Slik held du enkelt oversikt over verdien på tinga dine og oppgraderer innbuforsikringa di etter kvart som familien og talet på ting i huset veks.

Åra går, familien veks, skuffer og skap, garasjen og loftet fyllast av stæsj og TV-en blir bytta ut med ein større og dyrare variant.

Tenk deg så skrekkscenarioet: huset ditt brenn. Alt du eig blir borte i brannen. Neste dag tar du kontakt med forsikringsselskapet ditt og oppdagar at du ikkje har oppgradert innbuforsikringa di sidan du var ung og singel.

– Dessverre ser vi dette ganske ofte. Du teiknar innbuforsikring første gong du flyttar i eiga leilegheit. Etter kvart blir familien større, og med det aukar gjerne både levestandard og talet på ting i huset. Men vi gløymer å auke forsikringssummen i takt med eigedelane våre, seier Hege Alfei Sæbø, salssjef i Eika Forsikring.

Sjølv har ho jobba med forsikring i over 15 år, og ser ein klar tendens til at vi både eig fleire og dyrare ting i dag enn tidlegare.

– Vi har for eksempel langt fleire TV-ar i huset, og ei seng som tidlegare blei forsikra for fem tusen kroner, er i dag verd kanskje 20 000 kroner, seier ho.

Då er det lurt å ta ein titt på innbuforsikringa di slik at du er sikra eit riktig erstatningsbeløp viss uhellet er ute.

Slik oppgraderer du innbuforsikringa di

Det er du sjølv som bestemmer kor mykje du vil forsikre innbuet ditt for.

Viss du ønskjer å auke forsikringssummen din, ringer du berre kundesenteret vårt på telefon 915 03 850  eller sender oss ein e-post på kundesenter@eika.no

Ha gjerne dokumenta klare når du kontaktar oss.

Slik får du oversikta over alt du eig

Det er lurt å vere førebudd. Ta ein gjennomgang av alt du eig og forsikringane dine innimellom, og ikkje gløym syklane, skiutstyret og gassgrillen i garasjen eller dei dyre dressane i skapet. Når du tel med alt som ikkje står synleg framme, blir det fort tusenlappar av det.

Les også: Garasjen - det gløymde skattekammeret ditt.

Her har du to tips til korleis du kan dokumentere tinga dine:

Ta bilete av tinga dine

Viss uhellet først er ute, korleis dokumenterer du kva du faktisk hadde? Innbuforsikringa dekkjer jo alt lausøyre i huset ditt; frå klede og møblar til ting og tang, men det er fort gjort å gløyme ei ting eller tolv.

Hege Sæbø anbefaler derfor at du tar bilete med mobilen din og lagrar det i nettskyen.

– Det er så lett å gløyme kva ein faktisk har i alle skap og skuffer. Bileta kan både vere dokumentasjon og fungere som hugseliste. Det er utruleg kva vi eig når det kjem til stykke, smiler ho.

Hugs at du også bør ta bilete av serienummera på syklane og elsparkesyklane dine.

Ta vare på kvitteringane  

Viss du har litt ekstra dyre ting, som ei spesielt dyr klokke for eksempel, bør du ta vare på kvitteringane og lagre dei på ein trygg stad.

Flytta for deg sjølv? Då må du ha eiga innbuforsikring

Salssjefen anbefaler også unge som flyttar heimanfrå å kjøpe ei innbuforsikring. Har dei ikkje den same folkeregistrerte adressa som foreldra lenger, blir dei ikkje dekt av foreldra si innbuforsikring.

– Det er dessutan bra å etablere gode forsikringsvanar. Vi ser dessverre ofte at unge gløymer å teikne innbuforsikring når dei skaffar seg sitt eige, nettopp fordi dei i mange år har vore dekt gjennom foreldra sine ordningar, seier Hege.

Blir leilegheita di for eksempel utsett for ein brann eller vasskade og du må bu på eit hotell i mellomtida, kan det fort bli dyrt i lengda.

Heldigvis har vi ei eiga skreddersydd pakke, der Innbo Pluss, er inkludert – og den kostar berre 172 kroner i månaden.

Kva med ting som velter?

Salssjefen har også ei siste oppfordring til deg som no vil sjå litt ekstra på innbuforsikringa di. For nokre kroner ekstra i året får du nemleg produktet Innbo Pluss.

– Då sonen for nokre år tilbake klatra i seksjonen i stova så den rasa inn i veggen, knuste alle glasa mine. Då var eg glad eg hadde Pluss-dekning. Tilleggsdekninga her dekkjer nemleg skadar som følgje av at ting velter eller blir skada under flytting, avsluttar Hege.

Ikkje kjøpt ei innbuforsikring ennå? Sjekk pris og kjøp den nå.

Har du sikra tinga dine?

Heimen din rommar ofte større verdiar enn du trur. Ei god innbuforsikring sikrar alle tinga du typisk tar med deg når du flyttar inn.