Hopp til innholdet
Litt tolmod på vegen og parkeringsplassen kan spare deg for unødvendige små og større skader på bilen din.
Bilforsikring

Slik unngår du å skade bilen din

Har du fått riper i lakken eller ein bulk i bildøra? Her er våre tips til å unngå dei unødvendige og irriterande småskadane (og mange av dei større).

Den irriterande kjensla når du ryggar i parkeringshuset og feilbereknar avstanden til stolpen bak. Eit høgt dunk seinare ser støtfangaren ut som ein inntørka banan. Kunne det vore unngått?

Med nokre enkle tips kan du spare bilen og lommeboka di for unødvendige skader.

Pass på kvar og korleis du parkerer

Finn deg ein romsleg plass litt lenger unna inngangen. Der er det ofte både færre bilar og handlevogner.

Sjå an nabobilen. Er det ein stor SUV eller ein familiebil med barneseter, finn du deg ein annan plass å setje frå deg bilen.

Køyr pent i tronge parkeringshus (eller unngå dei om du kan). Ikkje berre er sikta dårlegare på grunn av betongpillarar, låge tak og tronge køyrefelt og parkeringsplassar, men andre bilar, folk og fe kan fort skape farlege situasjonar. Så bruk alle sansane dine i tillegg til eventuelle sensorar og ryggekamera.

Rygg inn når du parkerer. Då har du betre oversikt når du skal ut igjen. I tillegg unngår du stress viss ein utolmodig sjåfør ventar på å ta plassen din.

Bruk god tid. Ta den tida du treng for å parkere trygt.

Følg med på vegen og hald avstand

Det er lett å bli distrahert av mobilen, skjermane i bilen eller isen du prøver å ete før den smeltar.

Hald auga på vegen og fjern alle distraksjonar du kan.

Løft samtidig blikket ditt og følg med på kva som skjer rundt deg og framfor deg på vegen. Med god avstand til bilen framfor, unngår du kanskje steinsprut og har tid til å bremse viss noko skjer.

Still inn det du treng før du byrjar å kjøre

Å fikle med innstillingar eller andre duppedingsar medan du køyrer tar fokuset ditt bort frå sjølve køyringa.

Så skal du bruke GPS-en, høyre på ei bestemt speleliste eller ha varmen heilt rett, fiksar du dette før du trykker på gasspedalen.

Ikkje stol på teknologien

Har du ein nyare bil med sensorar, ryggekamera og fancy skjermar, må du ikkje stole utelukkande på dei. Dei er designa for å hjelpe deg, men fortsett å bruk spegla og ver merksam på omgivnadene dine for å få eit heilskapleg bilete av situasjonen.

Sjekk sensorane regelmessig

Apropos sensorar. Nokre av dei, som ryggekamera eller parkeringssensorar, kan krevje at dei blir kalibrerte med jamne mellomrom for å sikre at dei er nøyaktige.

Sjekk handboka til bilen din eller høyr med ein profesjonell for å vite korleis du kan utføre kalibreringa riktig.

Stress ned

Har du venta med julegåvene til siste liten? Maser ungane i baksetet medan du har tusen ting i tankane? Ikkje gløym å puste.

Er du skikkeleg stressa reduserer du reaksjonsevna di og køyrer ofte litt meir aggressivt enn elles.

Så stress ned, ver tolmodig, hald hovudet kaldt, tilpass farten din og unngå farlege forbikøyringar.

Ta pausar om du skal langt eller er sliten

Når du er trøytt eller sliten, er det vanskeleg å halde fullt fokus på vegen. Ikkje berre påverkar det konsentrasjonen, merksemda og reaksjonsevna di, men også dømmekrafta. Det er fort gjort å bli litt slepphendt og ta unødvendige sjansar når ein ikkje er «heilt med».

Skal du køyre langt, eller føler deg sliten, gjer du både deg sjølv og andre i trafikken tryggare viss du tar ein pust i bakken før du held fram reisa.

Uhell kan skje den beste av oss. Då er det viktig å vite kva du bør gjere.

Dette gjer du når uhellet er ute

Viss du er så uheldig å skade bilen din, er det viktig at du held pulsen låg og hovudet kaldt. Her er nokre ting du bør gjere:

  1. Skriv ned kva som har skjedd, kvar og når.
  2. Ta bilete av skaden frå ulike vinklar.
  3. Skriv ned namn og telefonnummer viss det er nokon andre involverte og eventuelle vitne. (Eller legg igjen ein lapp med info om deg sjølv, viss det er du som har skada ein
  4. ukjent bil og eigaren ikkje er å sjå).
  5. Fyll ut skademeldinga så nøyaktig du kan.
  6. Meld skaden deretter inn til oss, eller ring oss på telefon 915 03 850

Les også: Slik melder du skade på bilen.