Hopp til innholdet
Familie med hund pakker bil
Når uhellet er ute, er det kjekt å vite korleis forsikringa fungerer. 
Bilforsikring

Dette er bakgrunnen for skadeoppgjeret på bilen din

Lurer du på kvifor skadeoppgjeret ditt enda opp slik det gjorde og kva som påverkar erstatningssummen du fekk?

Skjønner du ikkje heilt korleis skadeoppgjeret på bilen din blei som det blei, og lurer på kva som påverka erstatningssummen du fekk? Vi skal prøve å gjere det enklare for deg å forstå.

Dette påverkar erstatningssummen din

Typen bilforsikring du har

Først og fremst kjem erstatningssummen an på kva slags forsikring du har.

Her hos oss kan du velje mellom fire typar bilforsikring:

  • Ansvar: Denne dekkjer personskadar og ulukker med førar og passasjerar, og skade du påfører andre.
  • Delkasko: Denne forsikringa dekkjer alt som ansvar gjer, i tillegg til vegassistanse, tjuveri, brann og glasskadar på bilen.
  • Kasko: Dette er eit hakk opp frå delkasko, og dekkjer òg skade på din eigen bil, ekstrautstyr, maskin og bagasje.
  • Bil Pluss: Dette er den beste forsikringa vår og dekkjer alt kasko gjør, men med ekstra god dekning på maskinskade. Du får òg leigebil i inntil 45 dagar når bilen din er på verkstad, og er dekt om du mister nøklane dine eller fyller feil drivstoff. Med Bil Pluss får du òg mindre eigenandel ved kasko-skadar.

Andre viktige faktorar

I tillegg til at erstatningssummen kjem an på typen bilforsikring du har, er det andre ting som påverkar beløpet:

  • Eigenandelen du har på skaden.
  • Eventuelle avkortingar (reduksjonar i erstatningsbeløpet). For eksempel, viss du har køyrt over avtalt køyrelengd, så får du ikkje full erstatning.
  • Kostnaden på reparasjon som forsikringsselskapet godkjenner.
  • Marknadsverdien på bilen din, viss det ikkje lønner seg å reparere den.

Dette koster eigenandelen deg

Eigenandelen er det beløpet du sjølv må betale når du melder inn ein skade - før vi byrjar å dekke kostnadene. Kor mykje denne vil koste deg, kjem an på kva forsikring du har og kva slags skade du har fått:

  • Ansvarsforsikring. Her er det ingen eigenandel ved skade.
  • Delkasko. 8 000 kroner eigenandel ved brann og tjuveri, 750 kroner ved vegassistanse, ingen eigenandel for glassreparasjon (men erstatningssummen er avgrensa til 750 kroner). 3 000 kroner eigenandel for ruteskifte. Ingen eigenandel ved glasskade etter samanstøyt med dyr, viss du har rapportert skaden til politiet eller viltnemnda.
  • Kasko. 8 000 kroner eigenandel, eller meir viss noko anna er avtalt. 10 000 kroner ved maskinskade (viss bilen er over 6 år eller har køyrt meir enn 60 000 km). 1 000 kroner ved tjuveri av bagasje. Eigenandelen aukar med 7 000 kroner viss skaden skjer med ein førar under 23 år, medan forsikringa er registrert med førar over 23 år. Ved påkøyrsel av dyr kan eigenandelen reduserast med opptil 4 000 kroner, viss skaden er rapportert til politi eller viltnemnda.
  • Bil Pluss. 10 000 kroner ved maskinskade (viss bilen ikkje er over 10 år eller har køyrt meir enn 200 000 km).

Kva betyr det å innløyse bilen?

Jo, viss det ikkje er verdt å reparere bilen etter ein skade, teknisk eller økonomisk, så vurderer vår tekniske avdeling bilens verdi opp mot marknadsverdien. Denne vurderinga er grunnlaget for erstatningstilbodet du får.

Er du uenig i erstatningssummen?

Då må du sjølv skaffe dokumentasjon frå forhandlar på at bilen er verdt meir enn vi har vurdert. Når vi får det, tek vi ei ny vurdering og kjem kanskje med eit nytt tilbod.

Lurer du på noke meir om skadeoppgjeret eller bilforsikring?

Ta ein titt på nettsida vår eller ring kundesenteret på 915 03 850.

Visste du at?

Du må minst ha ansvarsforsikring for å køyre lovlig på norske vegar.