Hopp til innholdet
Det har aldri vore enklare å stele nokon sin identitet.
Kredittkort

Ekstra tryggleik i den digitale verda

Stort sett er det trygt å handle på nett, men kva gjer du dersom du blir utsett for ID-tjuveri? Finn ut meir om fordelane med ID-tjuveriforsikring.

Identitetstjuveri kan vere krevjande å forholde seg til, derfor er det godt å vite at ID-tjuveriforsikring følgjer automatisk med i kredittkortet ditt, så lenge du bruker det.

La oss sjå på korleis kredittkortet ditt kan vere eit trygt og nyttig verktøy i din digitale kvardag.

Kva er identitetstjuveri?

Identitetstjuveri oppstår når nokon urettmessig får tilgang til dine personlege data og bruker denne informasjonen til å begå svindel, f.eks. søke om kredittkort eller lån i ditt namn.

Forsikring mot identitetstjuveri er inkludert i alle våre Eika Kredittkort (gjeld ikkje Eika Tilsett og Eika Bedrift). Skulle du derfor vere så uheldig å oppleve at nokon misbrukar din identitet til å kjøpe varer og tenester, har du rett til juridisk bistand på inntil 50 000 kroner. Føresetnaden er at kortet har vore i bruk dei siste 45 dagane eller har uteståande saldo.

 

Korleis førebyggje identitetstjuveri?

Du kan kome langt med nokre små grep og redusere risikoen for ID-tjuveri betydelig. Her har vi samla nokre tips:

  • Ver forsiktig med personleg informasjon, del aldri sensitiv informasjon som passord eller dine PIN-kodar eller BankID.
  • Sikre PC-en og telefonen din med oppdatert antivirusprogramvare og bruk sterke, unike passord for forskjellige einingar og kontoar.Sjekk regelmessig dine kontoutskrifter og ta kontakt med oss umiddelbart dersom du oppdagar transaksjonar du ikkje kjenner til.
  • Be naboen eller nokon andre hente posten din medan du er på ferie.
  • Ikkje kast dokument, bankutskrifter eller kort som inneheld ditt personnummer rett i søpla. Makuler desse ved å klippe over sensitive opplysningar, chip og magnetstripe.

 

Ved mistanke om identitetstjuveri, må du handle raskt:

  1. Kontakt oss, ditt forsikringsselskap og andre bankforbindelsar så fort som mogleg.
  2. Send ei politimelding.
  3. Set opp kredittsperre ved å ta direkte kontakt med kredittselskapa eller ta ein prat med oss, så hjelper vi deg med dette.

    Fleire tips og gode råd finn du på Datatilsynet sine nettsider. Hugs at vi er her for deg uansett kva som hender!