Hopp til innholdet

Eigen pensjonskonto

Eigen pensjonskonto (EPK) er ein samlekonto for pensjonen din. Kontoen gjer det enklare for deg å få oversikt over pensjonen du opparbeider deg, og å spare til pensjonisttilværet. Vi hjelper deg gjerne med pensjonssparinga di!

Eigen pensjonskonto (EPK)

Eigen pensjonskonto samlar all pensjon du har opptent, både frå noverande arbeidsgivar og frå tidlegare arbeidsplassar.

Dette gjer at du enkelt kan få betre oversikt og kontroll over kor mykje pensjon du til einkvar tid har spart opp. Du kan sjølv velje korleis pensjonspengane dine skal investerast. Dette gjer du ved å velje ein risikoprofil ut ifrå kor stor andel aksjar du ønskjer å investere i. Vi hjelper deg gjerne med å finne ut av riktig risikoprofil for pensjonssparing. Din eigen pensjonskonto følgjer deg gjennom arbeidslivet og eventuelle ulike arbeidsgivarar.

Dette lurer mange på om pensjon

Du kan sjølv bestemme kvar du ønskjer å ha pensjonen din. Du kan velje å ha pensjonskontoen din hos den leverandøren som arbeidsgivar har valt, eller du kan velje ein annan leverandør.

I tillegg til å bestemme kva leverandør du ønskjer at pensjonen din skal plasserast hos, kan du også velje mellom ulike risikoprofilar. Eit val er å behalde den profilen som arbeidsgivaren din har valt for deg. Eit anna val er å bestemme ein risikoprofil avhengig av kor stor andel av aksjar og renter du ønskjer å spare i. Desto høgare andel aksjar, desto større risiko. Motsatt er det lågare risiko med lågare andel aksjar, noko som kan resultere i lågare avkastning på pensjonssparinga di. Det er også mogleg å justere andelen aksjar avhengig av alder, for eksempel med profilen som heiter Eika Sjølvvalt Livssyklus. Ein slik profil vil automatisk justere ned risiko og aksjeandel jo eldre du blir.

Det finst fleire fordelar med eigen pensjonskonto:

  • Du kan enklare ta eit meir aktivt eigarskap til eigen pensjonssparing
  • Du får enkelt oversikt over pensjonspengane dine frå noverande arbeidsgivar og tidlegare arbeidsplassar
  • Ved å samle opptent pensjon på éin konto, sparer du gebyr fordi du ikkje må betale for fleire kontoar
  • Dersom du har kontoen din hos den leverandøren som arbeidsgivaren din har valt, er det arbeidsgivar som betalar gebyret for kontoen
  • Dersom du har valt leverandør sjølv, er det du som betalar gebyret for kontoen. Men gebyret som arbeidsgivar måtte ha betalt for deg, får du direkte.

Ja, og det kan vere lurt å ha eigen pensjonskonto i banken. Dette er fordi:

  • Du får betre oversikt over eigen økonomi når alt er samla på eitt og same stad
  • Det er enklare for deg å berre ha éin aktør å forholde deg til
  • Når økonomien din er samla på eitt og same stad, kan det vere enklare for rådgjevar i banken å tilby personleg rådgjeving for deg og dine behov – i dag og for framtida
Innhaldet på desse sidene er marknadsføring og må ikkje oppfattast som personleg rådgjeving. Det er berre våre autoriserte rådgjevarar som kan gje personleg rådgjeving. Viss du ønskjer rådgjeving frå ein av våre rådgjevarar, kan du booke møte her.
Historisk avkastning er inga garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil mellom anna avhenge av marknadsutviklinga, forvaltaren sin dugleik, fondet sin risikoprofil og forvaltningshonorar. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap. Det er knytt risiko til investeringar i fondet på grunn av marknadsrørsler, utvikling i valuta, rentenivå, konjunkturar, bransje- og selskaps-spesifikke tilhøve. Før teikning vert det oppfordra til å lese fonda sin nøkkelinformasjon og prospekt.

Informasjon om fonda sine investeringsmandat og risiko finn du i det enkelte fond sitt prospekt og nøkkelinformasjon som er tilgjengeleg på våre nettsider.
Oversikt over fonda sine kostnader finn du her.