Vi bryr om oss hvor sparepengene dine blir investert
Difor set vi pris på at du også er oppteken av kva krav vi stiller for investeringsvala og forvaltninga av sparepengane dine.
Som kunde skal du alltid vere trygg på at pengane dine blir investerte i selskap som tek vare på samfunnet, menneskerettar og berekraft. Men kva betyr det eigentleg?
«Kort fortalt vil det seie at etiske og miljømessige omsyn veg tungt når vi set saman ein aksjeportefølje i våre fond», seier Stig Erik Brekke, Investeringsdirektør i Eika Kapitalforvaltning.
Tydelege retningslinjer
Oljefondet har tydelege retningslinjer når det gjeld ansvarlege investeringar. Desse er utarbeidde av Etikkrådet i Norges Bank, og handlar mellom anna om å ekskludere selskap som ikkje tek omsyn til samfunnet, menneskerettar og berekraft. Brekke fortel at det er utenkjeleg at Eika Kapitalforvaltning investerer i selskap som Etikkrådet rår frå. Her kan du lese om kva type selskap vi ikkje investerer i.
"Vi investerer heller ikkje i selskap som produserer klasevåpen, kjernevåpen, landminer og sal av militært materiell til visse statar", utdjupar Brekke.
Selskap på sperrelista
I tillegg til å følgje Norges Banks liste over ekskluderte selskap, har Eika Kapitalforvaltning også valt å utvide lista til å innehalde selskap innan følgjande industrier:
Kull: Kullbasert kraftproduksjon bidreg negativt til klimaet, i tillegg til at det er knytt usikkerheit rundt arbeidsforhold og tryggleik i mange delar av verda.
Tobakk: På verdsbasis drep tobakk meir enn sju millionar menneske kvart år (NHI.no) og fører til enorme helseutgifter.
Gambling: Speleavhengigheit rammar ofte familiar og born, i tillegg har Casino- og spelverksemd ein høg risiko for kvitvasking av pengar og bestikkingar.
Her kan du lese om kva type selskap vi ikkje investerer i.
Aktivt eigarskap gir påverknadskraft
Stig Erik Brekke meiner fondsforvaltarar kan ha stor påverknadskraft på selskapa det blir investert i. Dette forsøker Eika Kapitalforvaltning å utnytte gjennom aktivt eigarskap:
"Vi gjennomfører screening for å fange opp brot på etikk, menneskerettar eller miljø, og forsøker å oppnå endringar gjennom dialog og stemmerett på generalforsamlingar"«Om selskapet ikkje viser vilje til endring, bør eigarposten avviklast», avsluttar Brekke.