Hopp til innholdet

Aksjesparekonto

Aksjesparekonto gjer det enklare å spare langsiktig i aksjefond. Med denne kontoen kan du kjøpe, selje eller byte aksjefond utan å betale skatt undervegs. Skatten betalar du fyrst når du tek gevinsten ut av konto.

Aksjesparekonto - Enkelt og lønsamt

Fordelar med ein aksjesparekonto:

  • Ingen skatt undervegs: Du kan reinvestere gevinstar skattefritt, noko som gjev moglegheit for ein rentes rente-effekt.
  • Enkel skattehandsaming: Skatten betalast fyrst når du tek ut gevinsten.
  • Langsiktig sparing: Svingningar i aksjemarknaden kan påverke sparesaldoen i mindre grad ved langsiktig sparing. Gjev moglegheit til å dra nytte av rentes rente-effekten.

Korleis opprette ein aksjesparekonto?

Kontoen opprettar du raskt og enkelt i

  • Mobilbanken
  • Smartspar
  • Eika Investortjenester

Vi kan og hjelpe deg med å opprette konto hos oss!

Dette lurer mange på om aksjesparekonto

Det er ein fondskonto der du kan samle alle dine aksjefond, med aksjeandel på 80 prosent eller meir. Med ein aksjesparekonto hos oss kan du kjøpe og selje aksjefond utan å utløyse skatt undervegs så lenge du ikkje tek ut gevinsten frå kontoen. Det kostar ingenting å opprette ein aksjesparekonto hos oss.

Dette inneber at rentefond og kombinasjonsfond (med aksjeandel lågare enn 80 %) må sparast på ein verdipapirkonto. Kvar gong du tek pengar ut av ein verdipapirkonto vil du generere skatt.

Rentes rente er ein kraftig vekstmekanisme der du får avkasting både på dine opphavlege innskot og på tidlegare avkasting. Dette skapar ein snøballeffekt som gjer at sparepengane dine kan vekse raskare over tid.

Eksempel:
La oss seie at du investerer 10 000 kroner i aksjefond. Etter eitt år har du tent 1 000 kroner i avkasting. Med ein aksjesparekonto kan du reinvestere denne avkastingen utan å betale skatt med ein gong. Over tid kan du få avkasting både på dei opphavlege 10 000 kronene og dei 1 000 kronene i avkasting, noko som kan føre til betydeleg høgare gevinstar på sikt.

Aksjesparekonto
Ein aksjesparekonto gjev deg ei unik sparemoglegheit ved at du ikkje betalar skatt før du tek ut gevinsten frå kontoen. Dette betyr at du kan dra nytte av rentes rente-effekten på sparepengane dine, noko som kan føre til betydeleg vekst over tid. Det er viktig å merke seg at berre aksjefond med minst 80 % aksjeandel kan stå på denne kontoen.

Fordelar med aksjesparekonto:

  • Ingen skatt undervegs: Skatt utløyset fyrst når du tek ut gevinsten.
  • Rentes rente-effekt: Reinvester gevinstar skattefritt.
  • Enkel skattehandsaming: Optimal for langsiktig sparing i aksjefond.

Verdipapirkonto
Ein verdipapirkonto gjev deg moglegheit til å ha ei meir variert spareportefølje enn ein aksjesparekonto. Her kan du investere i ulike typar verdipapir, som aksjar, obligasjonar og fond. Likevel må du betale skatt på kvar gevinst du tek ut frå kontoen, noko som kan påverke avkastingen din over tid.

Fordelar med verdipapirkonto:

  • Variert portefølje: Fleksibilitet til å investere i forskjellige typar verdipapir.
  • Ingen avgrensing på aksjeandel: Moglegheit til å inkludere fleire investeringstypar.

Kva passar best for deg?
Valet mellom aksjesparekonto og verdipapirkonto avheng av dine investeringsmål og behov. Ønskjer du ei enkel og skattegunstig løysing for langsiktig sparing i aksjefond, kan aksjesparekonto vere det beste valet. Om du derimot ønskjer større variasjon og fleksibilitet i investeringane dine, kan verdipapirkonto vere meir passande.

  • Tryggleik og stabilitet: Vi gjev deg tryggleik og stabilitet for din langsiktige sparing.
  • Personleg rådgjeving: Våre rådgjevarar er her for å hjelpe deg med dine økonomiske mål.
  • Lokalt engasjement: Vi er ein del av ditt lokalsamfunn og støttar lokale initiativ.
Tor Arild

Tor Arild Rysstad

Aut. finansiell rådgjevar

Erling Sagneskar

Erling Sagneskar

Aut. finansiell rådgjevar

Innhaldet på desse sidene er marknadsføring og må ikkje oppfattast som personleg rådgjeving. Det er berre våre autoriserte rådgjevarar som kan gje personleg rådgjeving. Viss du ønskjer rådgjeving frå ein av våre rådgjevarar, kan du booke møte her.
Historisk avkastning er inga garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil mellom anna avhenge av marknadsutviklinga, forvaltaren sin dugleik, fondet sin risikoprofil og forvaltningshonorar. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap. Det er knytt risiko til investeringar i fondet på grunn av marknadsrørsler, utvikling i valuta, rentenivå, konjunkturar, bransje- og selskaps-spesifikke tilhøve. Før teikning vert det oppfordra til å lese fonda sin nøkkelinformasjon og prospekt.

Informasjon om fonda sine investeringsmandat og risiko finn du i det enkelte fond sitt prospekt og nøkkelinformasjon som er tilgjengeleg på våre nettsider.
Oversikt over fonda sine kostnader finn du her.