Innhald
Lån til bil

Billån
Når du skal kjøpe bil, kan du få billån hos oss. Som sikring tek vi pant i bilen. Billånet kan brukast til kjøp av både ny og brukt bil. Maksimal nedbetalingstid er ti år, men det er avhengig av kor gammal bilen er når du kjøper han.

  • Du kan få lån både når du kjøper bilen frå forhandlar og når du kjøper av ein privatperson
  • Søk lån på nett - få svar med ein gong
Grønt billån
Eit grønt billån passar for deg som skal kjøpe ein miljøvennleg bil. Som sikring tek vi salspant i bilen. Billånet kan brukast til kjøp av både ny og brukt bil. Det spelar inga rolle om du kjøper bilen frå forhandlar eller ein privatperson. Maksimal nedbetalingstid på lånet er ti år, men det er avhengig av kor gammal bilen er når du kjøper han. Du kan søkje lån på nett og få svar frå oss med ein gong.
  • Lågare etableringsgebyr
  • Ekstra god rente
Bilar som kvalifiserer for eit grønt billån er: Elbil, etanolbil E85, natur- og biogassbilar, eller bilar med mindre CO2-utslepp enn 100g/km.

Kaskofritt billån

Med eit kaskofritt billån kan du låne inntil 100.000 kroner til kjøp av bruktbil. Du treng berre å teikne ansvarsforsikring på bilen, ikkje kaskoforsikring. Løpetida på lånet kan ikkje overstige fem år.

Passar for deg som:
  • Vil spare pengar på forsikringskostnader
  • Ønskjer å kjøpe ein litt eldre bruktbil
  • Vil søkje lån på nett og få svar med ein gong
Lån til bubil

Bubillån
Skal du kjøpe bubil, kan du få lån hos oss. Som sikring tek vi pant i køyretøyet. Lånet kan brukast til kjøp av både ny og brukt bubil. Maksimal nedbetalingstid er ti år, men dette avhenger av kor gammal bubilen er når du kjøper han.

Campingvognlån
Når du skal kjøpe ei campingvogn, kan du få lån hos oss. Som sikring tek vi pant i campingvogna. Lånet kan brukast til kjøp av både ny og brukt campingvogn. Maksimal nedbetalingstid er ti år, men dette avhenger av kor gammal campingvogna er når du kjøper ho.

Enkelt å søkje

  • Du kan få lån når du kjøper frå forhandlar, eller om du handlar privat.
  • Søk lån på nett og få svar med ein gong.
Lån til snøscooter

Skal du kjøpe ein snøscooter, kan du få lån hos oss. Som sikring tek vi salspant i scooteren. Lånet kan brukast til kjøp av både ny og brukt snøscooter. Maksimal nedbetalingstid er sju år, men dette avhengig av kor gammal snøscooteren er når du kjøper han.

  • Du kan få lån når du kjøper frå forhandlar, eller om du handlar av ein privatperson.
  • Søk lån på nett og få svar med ein gong.
Lån til motorsykkel / firehjuling

Motorsykkellån
Når du skal kjøpe ein motorsykkel, kan du få lån hos oss. Som sikring tek vi pant i motorsykkelen. Lånet kan brukast til kjøp av både ny og brukt MC. Maksimal nedbetalingstid er sju år, men dette avhenger av kor gammal motorsykkelen er når du kjøper han.

Firehjulinglån
Når du skal kjøpe ein firehjuling eller ATV, kan du få lån hos oss. Som sikring tek vi salspant i køyretøyet. Lånet kan brukast til kjøp av både ny og brukt firehjuling. Maksimal nedbetalingstid er sju år, men dette avhengig av kor gammal firehjulingen er når du kjøper han.

Enkelt å søkje

  • Du kan få lån når du kjøper frå forhandlar, eller om du handlar privat.
  • Søk lån på nett og få svar med ein gong.
Lånebevis

Eit lånebevis, også kalla eit «finansieringsbevis», er eit dokument som fortel seljaren at du har finansieringa i orden når du skal kjøpe bil, bubil, campingvogn, motorsykkel, firehjuling eller snøscooter. Eit lånebevis passar for deg som er ute og kikkar, men som ikkje enno har bestemt deg for kva du skal kjøpe.

Eit lånebevis er:

  • gratis og heilt uforpliktande
  • gyldig i inntil tre månader