Oppussingsprosjekt i vårsolen?
Våre råd til deg som tenkjer at du skal pusse opp huset eller stelle i stand hagen under våren eller sommaren.
Har du også valt å legge årets ferie til ditt eige heim? Mange vel å kombinere det faktum at ein er heime med å pusse opp huset sitt. Det aukar både trivselen og verdien på heimen din. Kanskje er det på tide å bygge ut garasjen, male om huset eller kanskje har du bestemt deg for å gjere hagen din til ein eigen oase?
Her er våre tips til oppussinga:
1. Sørg for å legge ein god plan
Med ein god plan unngår du dyre overraskingar undervegs – og du kan jobbe meir effektivt. Set opp ein totalplan som inneheld mål for sluttresultat, detaljert budsjett og planlagt rekkefølge og tidsbruk på delprosjekt. Jo større prosjektet ditt er, jo viktigare er planlegginga.
2. Finn ut kva du kan gjere sjølv ...
Det er veldig mange oppussingsoppgåver det er fullt mogleg å gjere sjølv, og ofte vil det vere meir lønsamt å ta seg permisjon frå jobb enn å lønne ein profesjonell handverkar – sjølv om du bruker lenger tid på arbeidet. Maling, riving og legging av parkettgolv er typiske oppgåver du fint klarer sjølv.
4. ... og kva du bør overlate til andre
Dette er sjølvsagt avhengig av kva forkunnskapar du har. Mange vil til dømes spare mykje tid og få eit betre resultat ved å sette bort jobbar som sparkling og pussing av mur. I tillegg bør du bruke fagfolk til arbeid som omfattar berekonstruksjonar og VVS. Her kan nemleg feila bli svært kostbare. Elektrikararbeid er du lovpålagt å ha fagfolk til å gjere.
5. Hent inn tilbod frå fleire handverkarar
Dei fleste synest det er trygt og behageleg å hente inn tilbod frå ein totalentreprenør som gir éin pris for heile jobben. Dessverre kan det bli unødvendig dyrt – i alle fall om du ikkje hentar inn tilbod frå fleire firma. Det aller beste er å ta kontakt med kvar enkelt handverkar på eiga hand. Det krev litt meir arbeid, men kan potensielt spare deg for titusenar av kroner i administrasjonspåslag.
Kjøp rimelege materialar Bruk tid på å sjekke prisar frå fleire forhandlarar. Det er viktig at du har hugsa punkt 1 og har ei materialliste du kan vise til når du snakkar med butikkane. Skal du handle i store kvanta bør du prøve å forhandle fram ein rabatt.
6. Vel riktig finansiering
Mange ser berre på renta når dei skal låne pengar til oppussing og endar opp med å bake det inn i bustadlånet. Hugs at nedbetalingstida har like mykje å seie, spesielt om du skal i gang med mindre oppussingsprosjekt. Snakk gjerne med din rådgjevar i banken om korvidt det er mogleg og fornuftig å låne på bustaden din, eller om det kan passe med eit Eika Smålån.
7. Tenk kreativt og finn smarte løysingar
Les interiørblad, sjå oppussingsprogram på TV og søk på nettet etter gode råd og tips. Det er ein heil haug med smarte (og rimelege) råd der ute. Korleis finansierer du oppussinga?
Snakk med ein rådgjevar i dag eller søk om Eika Smålån.
God sommar, og lykke til!
Kjelder: Aktiv Eiendom, smartepenger.no, nrk.no, ifi.no og skikkeligrørlegger.no.
Priseksempel forbrukslån og refinansiering
kr 90 000 over 3 år, nom. rente 11,14 %, eff. rente 13,32 %, etableringsgebyr kr 650, mnd. gebyr kr 40, totalt kr 108 500.
Å anlegge drømmehagen blir mer oppnåelig med ekstra hjemmetid
Med eit Eika Smålån kan du finansiere både innvendige og utvendige oppussingsprosjekt.