Hopp til innholdet

Betalingsforsikring

Våre køyretøylån kjem med ein valfri betalingsforsikring som gjev deg økonomisk tryggleik om livssituasjonen din skulle endre seg.

Sikre økonomien din – også i vanskelege tider

Vår betalingsforsikring dekkjer ditt månadlege terminbeløp dersom du skulle bli arbeidsledig/permittert, sjukmeld, innlagt på sjukehus eller opplever samlivsbrot. Forsikringa dekkjer også uteståande restgjeld på lånet ditt ved dødsfall.

Kjøpe betalingsforsikring

Du kan kjøpe forsikringa samtidig som du tek opp lånet, eller på eit lån du allereie har. Dette gjer du enkelt ved å logge inn i mobil- og nettbanken. Der finn du også oversikt over lånet og alle lånetenester.

Kva kostar ein betalingsforsikring?

Prisen blir rekna ut frå ein prosentsats av ditt månadlege terminbeløp. Forsikringa blir dermed betalt på same faktura som lånet, og du vil ha god oversikt over kor stor del av fakturabeløpet som utgjer sjølve betalingsforsikringa. Prisen er 7,9 % av terminbeløpet på ditt lån til bil eller andre køyretøy.

Til dømes, viss du betalar 2500 kr på lånet, kjem betalingsforsikringa på 198 kr. Totalt blir det 2698 kr/mnd for lån med betalingsforsikring.

Avslutte forsikring

Oppseiing: Du kan når som helst seie opp forsikringa ved å logge inn i mobil- og nettbanken.

Angrerett: Du har 14 dagars ubetinga angrerett frå kjøpsdato. Last ned og fyll ut angrerettskjemaet, og send det til oss på kredittbank@eika.no.

Melde skade

Du melder enkelt skade gjennom eit elektronisk skademeldingsskjema. Saksbehandlar er Crawford & Company, og kan kontaktast på telefon 67 55 25 00 eller e-post company@crawco.no.

 

 

Ofte stilte spørsmål om betalingsforsikring

Betalingsforsikring er ei forsikring som dekkjer ditt månadlege terminbeløp på lånet ditt dersom du skulle bli arbeidsledig/permittert, sjukmeld, innlagt på sjukehus eller opplever samlivsbrot. I tillegg dekkjer forsikringa uteståande restgjeld på lånet ditt ved dødsfall.

 Forsikringa består av fem dekningar:

  • Livsforsikring
  • Dekning mot arbeidsløyse og permittering (denne dekninga gjeld kun fast tilsette)
  • Sjukehusinnlegging (denne dekninga gjeld kun sjølvstendig næringsdrivande)
  • Dekning ved sjukmelding
  • Dekning ved samlivsbrot

Forsikringa dekkjer inntil 15 000 kr per månad i inntil 12 månader per skadetilfelle for ufrivillig arbeidsløyse/permittering, sjukmelding og sjukehusinnlegging. For samlivsbrot blir 50 % av det månadlege terminbeløpet dekka i 3 månader, og utbetalt som ei eingongserstatning. Ved dødsfall blir restgjelda dekt inntil 750 000 kr.

For ei meir utfyllande beskriving av dekningsomfang og unntak, sjå vår produktinformasjon betalingsforsikring.

Du som har eit lån i Eika Kredittbank kan kjøpe denne forsikringa. I tillegg må du kunne bekrefte at du:

  • Er fast tilsett i minimum 50 % stilling i minimum 6 månader samanhengande, eller er sjølvstendig næringsdrivande.
  • Ikkje har vore sjukmeld i meir enn 30 dagar samanhengande dei siste 12 månadene, og mottar ikkje sjukepengar, arbeidsavklaringspengar, dagpengar, uføretrygd eller liknande stønad eller erstatning.
  • Ikkje har mottatt personleg varsel om arbeidsløyse eller varsel om permittering, eller burde ha grunn til å rekne med føreståande ufrivillig tap av arbeid.

Du kan kjøpe forsikringa samtidig som du tek opp lånet, eller på eit lån du allereie har. Dette gjer du enkelt ved å logge inn i mobil- og nettbanken og finne oversikta over lånet ditt og alle lånetenester.

Har du fleire spørsmål?