Kontaktinformasjon  finn du på heimesida vår.
Du kan òg ta kontakt direkte med kunderådgjevaren din. Dersom du etter dialog med banken eller kundeansvarleg vel å retta ei formell klage, skal han setjast fram skriftleg på klageskjemaet til oss.

Skjemaet kan lastast ned på våre heimesider eller du kan få det tilsendt per post og e-post.

Last ned skjema

Skjemaet skal returnerst til banken pr. post eller personleg i banken med nødvendige opplysningar og eventuelle vedlegg for å dokumentera klagen.
Banken sender deg ei skriftleg bekrefting på at klagen er motteken, og ein indikasjon på forventa behandlingstid. Bekreftinga skal sendast innan ei veke etter at den formelle klagen er motteken. Banken skal svara skriftleg på alle formelle klager, og avgjerder som ikkje gjev han eller ho som klagar fullt medhald, skal grunngjevast.

Dersom klagen gjeld forsikring, kredittkort, leasing eller andre produkt som banken har formidla på vegne av andre tilbydarar, vil den som klager bli henvist til produktselskapet. Kontaktinformasjon til Eika sine produktselskap finn du på Eika Gruppen sine nettsidar.

Om du skulle oppleva at klagen ikkje fører fram i banken, kan du ta kontakt med Finansklagenemnda.
Finansklagenemda
Postboks 53, Skøyen
0212 Oslo
Tlf: 23 13 19 60

http://www.finkn.no/