Hopp til innholdet

Uføreforsikring
  • Kompenserer tapt inntekt viss du blir arbeidsufør
  • Månadleg utbetaling hvis du blir minst 50% ufør
  • Eingangsutbetaling viss du bli minst 50% varig ufør

Kvifor treng du uføreforsikring?

Viss du blir sjukmeldt på grunn av sjukdom eller skade, kjem du til å miste mykje inntekt. Inntektstapet kan gjere det vanskeleg å betale faste utgifter og å oppretthalde den levestandarden du er vant til.

Med ei uføreforsikring får du meir enn du vil motta frå NAV. Jo tidlegare du kjøper ei uføreforsikring, jo større er sjansen for at du er forsikra for alle mogelege uføreårsaker.

Velg mellom to typar uføreforsikring

Månedleg betaling ved uførheit

Du vil kunne motta ei fast månadleg utbetaling frå oss om du blir minst 50% sjukmeldt i meir enn 12 månader samanhengande, mottar arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd.

  • Kvar utbetaling utgjer 1/120 av forsikringssummen.
  • Du kan motta forskotsbetalinga i inntil 10 år.
  • Om du blir frisk, stoppar utbetalinga, men du kan behalde forsikringa vidare.

Eingangsutbetaling ved varig uførheit

  • Vurderast uførheiten som varig, får du ei eingangsutbetaling

Dekkjer uførheit uansett årsak

  • Så lenge du er minst 50% ufør, uansett årsak – fysisk eller psykisk, vil du få utbetaling frå oss.
  • Etter to år med minimum 50 % uførheit får du utbetalt eit skattefritt eingangsbeløp
  • Utbetalinga bruker du slik du vil

Spørsmål og svar om uføreforsikring

Du kan kjøpe uføreforsikringa når du er mellom 18 og 50 år. Du må vere i arbeid og ikkje sjukmeldt på søknadstidspunktet. Du må fylle ut helseerklæring når du skal kjøpe uføreforsikring.
Uføreforsikringa varer til du fyller 60 år eller til du vel å avslutte den.
Viss du har vald ei forsikringssum på for eksempel 600 000 og du blir 100% arbeidsufør, vil du motta 5000 kr i månaden. Om arbeidsuførheita blir varig, mottar du ei engangsutbetaling frå oss. Summen du mottar tilsvarer forsikringssummen minus eventuelle utbetalte forskotteringar. Utbetalingane er skattefrie.
Snakk med ein rådgivar for å finne ut kva som er akkurat passe for deg.