Hopp til innholdet
Fly som går inn for landing på en flyplass.
Når flyet ditt blir ramma av streik, er det viktig at du ikkje kansellerer flyturen sjølv.
Reiseforsikring

Rammet av streiken i SAS?

Viss du har blitt ramma av streiken i SAS, er det greitt å vite kva rettane dine er. Vi gir deg oversikta her.

Viss det er streik i flyselskapet ditt, kan det føre til at flyvningar blir innstilte eller forseinka. Forsikringa dekkjer ikkje om streiken gjer at nettopp din flytur blir kansellert. Viss det ser ut som flyet ditt kan bli ramma, er det viktig at du ikkje avbestiller reisa sjølv, men heller ventar på at flyselskapet kansellerer turen.

Ikkje avbestill reisa, la flyselskapet kansellere

Ikkje avbestill reisa, la flyselskapet kansellere
Viss du avbestiller reisa, mistar du kravet ditt på refusjon, noko du har om flyet ditt blir kansellert.

Reiseforsikringa dekkjer ikkje refusjon av flybillettar eller andre utgifter knytt til streik, eller reiser som flyselskapet sjølv kansellerer. Vi tilrår at du tek kontakt med flyselskapet ditt, så vil dei hjelpe deg.

Du får enkel oversikt over rettane dine på forbrukerrådets sin flykalkulator (ekstern lenkje).

Visste du at?

Forsikringa dekkjer ikkje streik. Difor er det viktig at du ikkje kansellerer reisa di sjølv, men ventar på at flyselskapet gjer det.

Spørsmål og svar om flystreik

Nei, flystreikar blir ikkje dekte av reiseforsikringa. Difor er det viktig at du ikkje avbestiller reisa di sjølv på grunn av streiken, då mistar du retten din til refusjon frå flyselskapet. Men du har mange rettar ovanfor flyselskapet som er i streik, og bør ta kontakt med dei for å få pengane tilbake for reisa di viss ho blir kansellert.