Hopp til innholdet

Meld skade på innbo

Har du fått ein skade på eller tjuveri av innboet ditt? Vi er her for deg! Det er viktig at du tar vare på skada innbo, eller tar bilete og dokumentasjon viss noko må avhendast. Har du fått frysevarene øydelagde grunna tining, skal du også melde det her. Har du bustadforsikring hos oss og ein bygningsskade som også omfattar innbo, ber vi deg melde saka under bustadforsikringa di.

Meld skade på innbo

Her kan du melde skade på innbo. 

Spørsmål og svar

Ved akutt vasskade, steng av vatnet (stoppekran). Ring røyrleggjar viss du ikkje får stoppa vatnet. Slå av sikringa i området som er påverka. Flytt lause gjenstandar. Fjern vatn der det er mogleg
Viss skaden blir dekt av forsikringa, vel vi ein leverandør som reparerer skaden, eller føretar eit kontantoppgjer. Ved skade på eigedelar vil vi vurdere behovet for befaring eller kontantoppgjer etter innsendt dokumentasjon.
Meld skaden til politiet. Sikre staden. Skaff oversikt over tapet og dokumentasjon på dette.

Ein naturskade er definert etter nærare reglar:

  • Storm
  • Flom
  • Skred
  • Jordskjelv
Blir du ramma av ein naturskade, bør du om det er forsvarleg sikre verdiane dine 

Viss det er varsla flom eller storm, bør du sikre gjenstandar på ein forsvarleg måte, som til dømes å flytte eigedelar opp frå golvet og sikre lause gjenstandar.