Hopp til innholdet
Eit ungt par ber flyttelass ut av ein bil. Kvinna smiler medan ho held ei pappøskje, og mannen ber ei potteplante. Dei ser ut til å vere midt i ein flytteprosess i eit bustadområde.
Eika Forsikring og Fremtind Forsikring slår seg saman

Finanstilsynet godkjenner fusjonen av Eika Forsikring og Fremtind Forsikring

Finanstilsynet har godkjend samenslåinga av Eika Forsikring og Fremtind Forsikring. Det tyder at samanslåinga av selskapa blir gjennomført som planlagt. Etter planen blir fusjonen gjennomført 1. oktober.

– Dette er ein merkedag for oss, og vi gler oss til vi kan slå kreftene våre saman. Planlegginga for fusjonen går etter planen, og vi kan no mobilisere med full kraft i begge organisasjonane. Vi vil med dette forsterke posisjonen til «forsikring i bank»-konseptet, seier konsernsjef Hege Toft Karlsen i Fremtind.
Hege Toft Karlsen tok nyleg over som ny konserndirektør i Fremtind

Kva tyder dette for deg som er forsikra hos oss?

For deg som kunde blir det aller meste som før. Det du vil merke av endring, er at namnet på fakturaen byter til Fremtind Forsikring etter 1. oktober. Du treng ikkje å gjere noko.
Forsikringane vil halde fram som avtalt, og du kan kjøpe forsikring på same måte som før. Du kan ta kontakt med oss og rådgivaren din slik du er van med, logge inn på same stad for å sjå forsikringane dine og melde skadar her på nettsida vår.

Du kan lese heile pressemeldinga her.

Lurer du på noko?

Her finn du spørsmål og svar om fusjonen.