Hopp til innholdet
Mann med mobil på parkert sparkesykkel.
Hugs at du må stå heilt stille om du skal bruke mobilen når du brukar ein elsparkesykkel.
Elsparkesykkelforsikring

Kan du trafikkreglane for elsparkesyklear?

Slik køyrer og parkerer du trygt i trafikken og unngår sure bøter.

Er det éin ting som er kjipt, så er det å få ei bot for noko du kunne ha unngått om du berre hadde visst betre.

Vi har difor samla dei aller mest grunnleggjande trafikkreglane du bør kjenne til om du brukar ein elsparkesykkel.

Så ta ein kjapp sjekk her før du suser av garde med vinden i håret, nei vent: hjelmen.

1. Her kan du køyre ein elsparkesykkel

I prinsippet kan du køyre overalt så lenge du følgjer køyretydinga, trafikkreglane og skiltinga.

Du kan køyre ein elsparkesykkel på vanlege vegar, i kollektivfelt, på sykkelveg, i sykkelfelt, på fortau og gangveg og over gangfelt.

Men du kan ikkje bruke elsparkesykkelen din på motorvegar eller motortrafikkvegar.

Berre hugs at det er spesifikke reglar som gjeld for kvart stad du kan bruke den, for eksempel at du har ei spesiell vikeplikt avhengig av kvar du er.

2. Hugs at du har vikeplikt i mange situasjonar

På vegen

Køyrer du på vegen saman med biltrafikk, skal du følgje dei same trafikkreglane som andre trafikkantar.

Det betyr at du for eksempel:

  • Har vikeplikt for trafikk frå høgre side
  • Har vikeplikt for gåande som kryssar gangfelt
  • Skal stoppe på raudt lys
  • Skal vise teikn når du svingar

Kollektivfelt

Skal du køyre i kollektivfelt må du passe på å halde deg unna blindsona til bussen.

Sykkelveger

På gang- og sykkelveg må du køyre på høgre side og ta omsyn til dei som går og syklar der - spesielt dei som går - dei er meir sårbare i trafikken.

Skal du køyre forbi nokon, så gjer du det på venstre side, held god avstand og ei maksgrense på 6 km/t.

Sykkelfelt

Du kan ikkje køyre i begge retningar i eit sykkelfelt, og kan difor berre køyre i riktig retning på høgre side av vegen. Det er heller ikkje lov å stoppe eller parkere i sykkelfeltet.

Skal du køyre nokon forbi her, køyrer du forbi på venstre side når det er trygt. Pass på at du har god avstand til andre i sykkelfeltet.

På fortau og gangveg

Så lenge du ikkje er i vegen eller til fare for gåande, kan du køyre på gangveg og fortau. Men, er det masse folk der, må du faktisk gå av elsparkesykkelen og trille den.

Skal du køyre forbi nokon på fortauet eller gangvegen, må du halde god avstand og ikkje køyre fortare enn 6 km/t.

Over gangfeltet / fotgjengarfelt

På same måte som med dei som syklar, har du vikeplikt for bilar i fotgjengar feltet når du brukar ein elsparkesykkel eller andre små elektriske køyretøy.

Det betyr at du må stoppe og vente til det er klar bane, eller til bilane stoppar, før du kan gå over gangfeltet.

Men, går du av elsparkesykkelen og triller den, har bilane vikeplikt for deg.

3. Vis omsyn når du parkerer. Du kan få bot om du parkerer feil

Viss du parkerer elsparkesykkelen slik at den er i vegen for andre, eller på område der det står eit skilt om at det ikkje er lov å parkere, kan du risikere å få ei bot.

Pass difor på at du parkerer elsparkesykkelen din slik at den ikkje er til hinder eller ulempe for dei som syklar, går eller for eksempel brukar rullestol eller har nedsett syn.

Bruk sykkelparkeringar, sykkelstativ eller område ved busshaldeplassar der det er lov.

Pass også på at den ikkje velter når du set den frå deg.

4. Maks 6 km/t viss du køyrer forbi nokon

Skal du køyre forbi nokon på fortauet, i gangvegen eller på gangfelt, kan du ikkje køyre fortare enn 6 km/t.

Du skal i tillegg halde god avstand til dei som går og syklar. Er det for mange folk til at dette ikkje er mogleg, har du faktisk ikkje lov til å køyre på fortauet. Då må du gå av elsparkesykkelen og trille den.

10 andre reglar du bør kunne før du køyrer av garde

Ved sida av dei fire reglane vi nemner her, er det verdt å vite at du for eksempel:

  • Ikkje har lov til å ha med deg passasjerar.
  •  
  • Må bruke hjelm om du er mellom 12 og 15 år.
  • Ikkje kan bruke mobilen medan du køyrer.
  • Ikkje kan køyre med promille.
  • Må ha ei ansvarsforsikring.

Heldigvis har vi laga denne oversikta over dei 10 aller viktigaste krava du bør kunne for å halde deg innanfor dei norske lovene.

Og du, ansvarsforsikringa du er nødt til å ha, kan du kjøpe her.

Bli sett og ikkje gløym blindsona

Hugs at du bør ha på deg synlege klede og refleksar når du er ute på kveldstid. Ikkje ver i bilens blindsone.

Sjå video: Skikk og bruk på elsparkesykkel