Hopp til innholdet
Å køyre sikkert lønner seg. Også for lommeboka.
Bilforsikring

Køyrer du trygt får du pengar tilbake

Er du under 23 år og forsikrar bilen din hos oss, kan du få 5000 kroner tilbake om du køyrer skadefritt i fem år.

Ah. Kjensla av å endeleg få førarkortet er mektig. Det er eit bevis på fridom og uavhengigheit.

Men med det splitter nye førarkortet følgjer det også mykje ansvar.

Statistikken viser faktisk at aldersgruppa 18 til 23 år er overrepresentert når det gjeld uhell og skadar i trafikken – og det trass i at dei nettopp har fått ein solid køyreopplæring.

Sanninga er at det tar tid å bli ein dyktig sjåfør og meistre vegen. Det handlar om å byggje erfaring, reaksjonsevne, evne til å lese trafikken og finpusse ferdigheitene dine.

Vi i banken ønskjer å ta ein aktiv del i å byggje denne erfaringa og beløne unge sjåførar som køyrer skadefritt.

Og du: grepet er smart for lommeboka di også.

Slik får du 5 000 kroner tilbake

Bilforsikringa er uansett obligatorisk, men kjøper du den av oss før du blir 23 år, har vi ein god avtale til deg. 

«Kjøper du ei bilforsikring hos oss før du fyller 23 år, får du utbetalt fem tusen kroner etter fem år, viss du i perioden ikkje har skadar som overstig 25 000 kroner», røper Arild Svelmo, produktsjef Motorvogn i Eika Forsikring.

Vinn, vinn, ikkje sant? Vegen blir ein tryggare stad og du får ein fin bonus på toppen av det heile.

Du kan også få 60 prosent startbonus

Som om ikkje det er nok, kan du i tillegg få 60 prosent startbonus når du forsikrar din aller første bil hos oss.

Korleis funker det?

Bestemmer du deg for å kjøpe ei av bilforsikringane våre og er under 23 år, blir du automatisk med i avtalen.

Det einaste du må tenkje på er å køyre forsiktig dei neste fem åra.

Sjekk pris og kjøp bilforsikringa di av oss her.

Hugs at du bør tilpasse farten om sikta er dårleg.

5 tips til sikker køyring

u kan gjere mykje sjølv når det handlar om å styre unna trøbbel på vegen. Alle kan ha ein dårleg dag bak rattet, men det smartaste du gjer er å følgje lova og køyre trygt.

  • Bruk bilbelte – alltid og uansett. Beltet skal sitje tett inntil kroppen din og ikkje vere vridd.
  • Bruk handsfree. Ikkje bruk mobilen når du køyrer. Ikkje er det lov og ikkje er det lurt heller.
  • Hald fartsgrensa. Den er der av ein grunn. Og du; det er lov å sjå an forholdene. Er det glatt eller svingete, dårleg sikt eller mykje trafikk, må du senke farten din.
  • Vis omsyn i trafikken. Bruk blinklysa i god tid, hald avstand til bilane framfor deg, ikkje sving plutseleg, sjekk blindsona og ikkje køyr bilen hvis du er trøytt.
  • Les trafikken og ver merksam. Løft blikket ditt, følg med på kva som skjer rundt deg og framfor deg. Ver spesielt merksam i tette bystrøk, ved av- og påkøyringar og langs skulevegen.
Mann og dame i bil som smiler til kvarandre

Kjøp bilforsikring

Hos oss kan du kjøpe fire forskjellige bilforsikringar. Sjekk kva som passar til ditt behov.