Blant marknadens beste på bilbonus
Kjøper du ei bilforsikring av oss, får du 60 % startbonus og ein av marknadens raskaste bonusoppteningar. Sjekk ut fleire av fordelane under.
Det kan lønne seg å kjøpe ei bilforsikring av oss. Her får du nemleg:
60 % startbonus og berre 5 år til maksbonus
Hos oss får du nemleg ein startbonus på heile 60 prosent og ein av marknadens raskaste bonusoppteningar.
«Frå startbonus til maksbonus tar det deg faktisk berre 5 år», fortel Tor Håkon Ballo, Produkt og Pris i Fremtind Forsikring.
Samme bonus på bil nummer ein og to
Viss du berre har ein bil frå før, får du i tillegg den samme bonusen på bil nummer to.
Har du for eksempel 60 prosent bonus på bilen du har forsikra, får du altså 60 prosent bonus på bil nummer to.
Maks 10 prosent bonustap
Viss du er uheldig og får ein skade, kan du samtidig trøyste deg med at du hos oss får berre 10 prosent bonustap, uansett kva bilforsikring du har valt.
– Vi veit at kundane forventar at mindre skadar skal dekkast, og det er vi jo sjølvsagt einige med dei i, avsluttar Ballo.
Ikkje kjøpt ei bilforsikring enno?
Hos oss kan du velje mellom fire ulike bilforsikringar: Sjekk kva for ei som passar for deg og behova dine her.