Hopp til innholdet
Blid gut med grøn genser som held mammaen sin i handa
Dei største skattane fortener den beste forsikringa.
Barneforsikring

Tre gode grunnar til å forsikre barnet ditt

Gjev barna dine og familien din tryggleiken og vernet dei fortener.

Du er kanskje flink til å forsikre tinga dine, men kva med det kjæraste du har?

Skulle noko skje med barna dine, er det ikkje alltid det offentlege helsevesenet strekk til. For når sjukdom eller ulukker får langsiktige konsekvensar, kan det råke heile familieøkonomien og snu kvardagen heilt opp ned.

Det er her ein god barneforsikring kjem inn.

«Barneforsikringa vår dekkjer familiens kostnader ved alvorleg sjukdom eller skade, og sikrar dessutan barnets økonomiske framtid om konsekvensane blir langvarige», forklarer Inger Sofie Landgraff, produktsjef i Eika Forsikring.

Vår barneforsikring dekkjer mellom anna:

Medisinsk invaliditet

  • Arbeidsuførleik
  • Behandlingsutgifter ved ulukke
  • Dagpengar i samband med opphald på sjukehus
  • Behov for langvarig pleie / omsorg
  • Tilpasning av busatd og tilskot til tekniske hjelpemidler

Kva er eigentlig ein barneforsikring?

Ein barneforsikring gjev deg økonomisk hjelp på kort sikt og økonomisk støtte på lang sikt om barnet blir utsett for ei ulukke eller sjukdom.

Sjå på forsikringa som eit ekstra sikkerheitsnett som dekkjer utgiftene det offentlege ikkje gjer.

Blir du nødt til å bli heime for å passe barnet ditt, byggje om på huset, betale for hjelp på heimebane eller opphalde dykk lenge på sjukehuset, blir dette dekka av ein barneforsikring.

Tre gode grunnar til å forsikre barnet ditt

Når du først kjøper ein barneforsikring, håpar du sjølvsagt at du aldri skal få bruk for den. Men om det først blir nødvendig, skal du vite at barnet og familien får den hjelpa og oppfølginga de treng.

1. Du får ei bekymring mindre i ei vanskeleg tid 

Det er nok å tenkje på om barnet ditt blir sjukt eller skadar seg alvorleg. Med ein barneforsikring treng du i alle fall ikkje å bekymre deg om det økonomiske.

2. Du kan fokusere på det som betyr noko

Når livet blir snudd opp-ned er det nok av ting å setje seg inn i, og kampar som må vinnast. Ein barneforsikring kan til dømes gjere det mogleg for deg å ta permisjon frå jobb for å tilbringe meir tid saman med barnet ditt.

3. Du gjev barnet ditt en betre fremtid

Barneforsikringa dekkjer mellom anna utgifter til medisinsk behandling, reiseutgifter ved behandling og nødvendig tilpassing av heimen din. Barnet ditt står betre rusta til å møte ein annleis kvardag.

Barneforsikringa vår er ein kombinert sjukdoms- og ulukkesforsikring og kan kjøpast frå barnet ditt har fylt tre månader.

Den kostar berre 247 kroner i månaden og du kan kjøpe den her.

Døme frå verkelegheita

Her er noen eksempler fra sykdommer og ulykker hvor en privat barneforsikring kom godt med, hentet fra Finans Norge skadeforsikringsstatistikk for 2017.

Astma og allergi

Ein gut på seks år fekk diagnosen kraftig astma og allergi. Via fylkesmannen fekk han utbetalt 180 000 kroner frå forsikringa fordi han er erklært ti prosent varig medisinsk invalid. I tillegg dekkte forsikringa tilpassing av bustad med 185 000 kroner.

Epilepsi

Ein gut på to år fekk diagnosen epilepsi. Familien fekk utbetalt 1,2 millionar kroner då han blei erklært 50 prosent varig medisinsk invalid. Foreldra fekk òg utbetalt dagpengar på 56 000 kroner for dei seks vekene guten var innlagd på sjukehus.

Brannskade

Ei jente på 14 år blei alvorleg brannskada på skuletur då ein gassbrennar eksploderte. Familien fekk mellom anna økonomisk erstatning for reiseutgiftene, i tillegg til dagpengar for dei 30 dagane jenta blei liggjande på sjukehuset. Dette bidrog til at far kunne ta permisjon frå jobben for å vere på sjukehuset med dottera si.