Hopp til innholdet
Rådgjevarprat i banken mellom rådgjevar og kvinne

Flytte og gjenoppta personforsikringar

Vi ønskjer å bidra til at du lettare kan flytte personforsikringar, og har difor tilslutta oss Finans Norge sin bransjeavtale om flytting av individuelle personforsikringar. Avtalen sikrar at du er kontinuerleg forsikra i ein flytteprosess, samtidig som du unngår å betale for forsikringa i to føretak samtidig.

Når du kjøper ei personforsikring må du fylle ut ei helseerklæring for at forsikringsføretaket kan gjere ei vurdering av helsa di. Les meir om helseerklæring her. Du kan ha same personforsikring i fleire føretak, som vil kunne gje fleire utbetalingar for same hending.

Viss du ønskjer å flytte ei personforsikring frå eitt forsikringsføretak til eit anna, blir ikkje personforsikringane automatisk avslutta i det gamle forsikringsføretaket. Difor er det du sjølv som må seie opp dei gamle personforsikringane dine, også i ein flytteprosess.

Når kan du seie opp tidlegare forsikring?

Viss du flyttar til ei forsikring med tilsvarande dekningar som den du hadde frå før av, slepp du ny symptomklausul. Ein symptomklausul inneber at forsikringsføretaket ikkje er erstatningspliktig for sjukdom eller plager som har blitt påvist eller har vist teikn og/eller symptom innan tre månader etter at det er avgitt fullstendig søknad om ei bestemt forsikring.

For å sleppe ny symptomklausul må du avslutte forsikringa i forsikringsføretaket du flyttar bort frå. Det betyr at når du har signert tilbodet og fylt ut helseerklæring i nytt forsikringsføretak, kan du avslutte forsikringane dine i det tidlegare forsikringsføretaket. Dette er du sjølv ansvarleg for å gjere.

Rett til gjenopptak i tidlegare føretak

Dersom du har fått reservasjon, pristillegg eller avslag på di forsikringssøknad hos nytt forsikringsføretak, kan du ha rett til å få gjenopptatt forsikringane dine i det tidlegare forsikringsføretaket. Fristen for å gjenoppta forsikringa er 6 månader frå dagen du avslutta forsikringa. Forsikringane kan gjenopptakast utan ny helsevurdering og symptomklausul, dersom:

  • Forsikringa di i det tidlegare forsikringsføretaket har vore aktiv i minst 12 månader.
  • Du har søkt om å flytte forsikringar med tilsvarande dekningar.
  • Du har fått reservasjon, pristillegg eller avslag i det nye forsikringsføretaket.
  • Du har signert avtale og fylt ut ny helseerklæring i det nye forsikringsføretaket.
  • Ditt tidlegare føretak har tilslutta seg Finans Norge sin bransjeavtale om flytting.
  • Ved gjenopptak av forsikringa må du betale for forsikringa tilbake til oppseiingsdato.

Vil du flytte personforsikringane dine?

Vi hjelper deg gjerne viss du har spørsmål om oppseiing, flytting eller gjenopptak. Ring oss på 915 03 850.