Blir det campingvogn til Sørlandet, båttur til Geirangerfjorden, biltur til Nordkapp eller avslapping heime i hagen?

Uansett kva planar du har lagt for sommaren, er det Norgesferie som gjeld for dei aller fleste. Ein unik moglegheit til å utforska alt som det flotte landet vårt har å by på av langstrekte fjordar, høgreiste fjell og lyse sommarnetter.

Desse råda bør du hugsa på når du pakkar kofferten i sommar:

 

1. Hugs reiseforsikring

Sjekk at du har gyldig reiseforsikring. Reiseforsikringa gjeld i det du går ut døra heime og dekkjer dei aller vanlegaste uhella du kan oppleve på reise.

Les meir om reiseforsikringa vår her.

 

2. Last ned reiseappen Eika Reise

Skal du på tur er det viktig at du tar med deg reiseforsikringskortet ditt. Last ned reiseappen Eika Reise, så har du alltid forsikringskortet ditt tilgjengeleg. Du har òg tilgang til døgnopen alarmsentral og moglegheit til å melde skade direkte i appen.

Last ned frå App Store

Last ned frå Google Play

3. Dersom uhellet er ute - meld skade

Du kan enkelt melde skade her, i Eika Reise-appen eller kontakt oss på telefon: 915 03 815.

Skulle du vera i utlandet, tilrår vi at du tar kontakt med Eikas forlengde arm SOS International. Via dykkar døgnope alarmsentral får du hjelp uansett kvar du er.

 

4. Hald deg oppdatert på siste nytt frå Helsestyresmaktene

Styresmaktene gir reiseråd basert på dei til ein kvar tid gjeldande fakta. Sjølv om du er på ferie må du ikkje gløyma smittervernreglane. Hald avstand, vask hender og ta vare på kvarandre.

 

Vi ønskjer deg ein riktig god sommar!

#tavarepå tryggleiken i ferien