Hopp til innholdet
Gjen­synsglede på perrongen med to kvinner
Planlegg ferien din godt og ha papirene i orden, så veit du kva du skal gjere om uhellet er ute.
Reiseforsikring

Gode råd til ferieturen

Skal du reise på ferie? Slik førebur du deg viss du blir sjuk eller noko uventa skjer på reisa di.

Sjå for deg at ferien du har gledd deg til så lenge endar opp på eit sjukehus med beinbrot eller på hotellrommet i Hellas med matforgifting.

Faktisk vert så mykje som over 150 000 nordmenn ramma av magevirus på ferie kvart år, så du ville i så fall ikkje vore åleine.

Men veit du kva du skal gjere om du eller nokon du er saman med blir sjuke eller skadar seg når de er ute og reiser?

Vi gir deg tipsa du bør hugse på både før, under og etter ferieturen – i tilfelle den blir spolert.

Før du reiser

Hugs det europeiske helsetrygdkortet

Det europeiske helsetrygdkortet er eit viktig kort du bør ha med deg på turen.

Kortet viser at du har rett til dekning av nødvendig helsehjelp i alle EU/EØS-land på same vilkår som innbyggjarane i landet du besøker.

Helsetrygdekortet bestiller du på helsenorge.no.

Kjøp ei reiseforsikring

Hugs at mange land ikkje har det same offentlege helsevesenet som vi er vane med her heime og at helsetrygdkortet ikkje vil gjelde på privat sjukehus.

Difor er det viktig at du har ei privat reiseforsikring. Reiseforsikringa vår gjeld frå augeblikket du går ut døra og i denne artikkelen kan du lese kva den dekkjer.

Ønskjer du ei ekstra god dekning, velg du vår beste reiseforsikring, Reise Pluss.

Følg med på Utenriksdepartementets reiseråd

Utanriksdepartementets reiseråd eller kansellerte flygingar kan påverke reiseforsikringa di. Kva reiseråd er for noko og korleis dei påverkar reiseforsikringa di, kan du lese meir om i denne artikkelen.

Under reisa

Kontakt SOS International – din ven i naud

Det er ikkje «berre berre» å orientere seg på ein framand stad viss du blir sjuk og redd.

Så ta med deg forsikringskortet ditt. Der står telefonnummeret til alarmsentralen til SOS International.

SOS International er vår forlengde arm som hjelper nordiske reisande overalt i verda 24 timar i døgnet, heile året rundt. Du kan ringe dei på telefon +45 70 10 50 50.

Å ha kontakt med denne alarmsentralen er heilt avgjerande viss du skal til legen eller må leggjast inn på eit sjukehus. Dei veit kva legar og sjukehus som er seriøse og sørgjer for at du får den behandlinga du skal ha.

Lytt til legen

Når du først er i gang med ein behandling, er det viktig å gjere som legen seier. Følg behandlinga du har fått og legens anvisningar.

Ta vare på kvitteringar

Reiseforsikringa vår gir deg kun kompensasjon frå dagen du faktisk besøker legen eller sjukehuset. Så sørg for at du kjem deg dit så fort som mogleg viss du blir sjuk eller skadar deg.

Skal skadeoppgjeret gå mest mogleg smertefritt, må i tillegg dokumentasjonen vere i orden.

Så ta vare på alle kvitteringane frå legebesøk, medisinar og andre utgifter relatert til sjukdommen.

Når du er heime igjen

Meld skaden din

Med reiseforsikringa vår er du dekt på alle typer reiser i heile verda som varer inntil 77 dagar.

Men det er viktig at du melder inn skaden din så fort du kan. Har du forsikringsnummeret ditt klart, kan vi hjelpe deg raskare.

Du kan melde inn skaden din her.

Få igjen feriedagane dine

Å få ferien øydelagt er ikkje gøy. I alle fall ikkje om du blir sjuk før du dreg og ikkje kjem deg avgarde i det heile tatt.

Ein liten trøyst då er at du ifølgje Ferielova har krav på å få igjen dei tapte feriedagane dine seinare same ferieår.

Du får éin dag per virkedag du er sjuk, inkludert laurdagar. Det betyr at du for eksempel får fem feriedagar tilbake viss du har vore sjuk frå tysdag til søndag.

For å få krav på dette må du vere 100 prosent arbeidsufør, og sjukdommen må dokumenterast med ei legeerklæring – anten frå den legen som behandla deg i utlandet eller legen din her heime.

Visste du at?

10 prosent av alle sakene knytt til sjukdom på ferie er så alvorlege at dei endar med sjukehusinnlegging, intensivbehandling på staden eller heimtransport.
Gjen­synsglede på perrongen med to kvinner

Forsikra fra du går ut døra

Reiseforsikringa gjeld frå du går heimanfrå til du er tilbake igjen heime. Du er sikra på alt frå ein rask tur på butikken til ein lengre tur til eksotiske strok.