Gjeld frå du går ut døra
Ståle Bakke Trodahl, produktsjef privat i Eika Forsikring ønskjer å minne om at du bør ha gyldig reiseforsikring på plass også dersom du er ein av mange som vel Norgesferie. - Hugs at ulukkesdelen av reiseforsikringa vår også gjeld i Noreg heile døgnet, også utanom reiser. Reise- og avbestillingsforsikringa gjeld altså med ein gong du går ut døra heime.

Kva om eg vel å reise utanlands?
- I takt med innstrammingar grunna Covid-19, og den uoversiktlege tida vi er inne i, har vi valt å utvide reiseforsikringa si avbestillingsforsikring til også å omfatte pålagt karantene som avbestillingsårsak for fritidsreiser i Noreg. Utvidinga vil gjelde til og med 31. august 2021, seier Trodahl.

Her finn du meir utfyllande informasjon om kva reiseforsikringa dekkjer i samanheng med Covid-19.

Andre årsaker til å ta ein titt på reiseforsikringa di
- Endra sivilstatus og familieauke kan gjere at ein bør endre dekninga til ei familieforsikring, fortel Trodahl og legg til at det er også viktig å hugse på at når ein passerer 20 år er ein ikkje lenger dekt av foreldra si forsikring. - Enkelte aktivitetar krev utvida dekning for ulukke. Fjellklatring, off-piste på ski, kitting og downhillkjøring på sykkel er eksempel på dette. Ta kontakt med rådgivaren din dersom du treng ei utvida dekning er oppfordringa til Trodahl.

Pakkar som inkluderer reiseforsikring
- Vi har fleire forsikringspakkar som også inneheld reiseforsikring, blant anna UNG og Eika Pluss. Dette er prisgunstige pakkar som sikrar deg og behovet ditt i den livsfasen du er i, avsluttar Trodahl.

Uansett korleis du vel å bruke sommaren din ønskjer vi deg ein god ein!