Er du uroleg over kva kulda kan gjere med vassrøyra i huset? Det har du gode grunnar til å vere. Tal frå SINTEF viser nemleg at vasskadar frå frostsprengde røyr står for opptil 20 prosent av dei samla kostnadene knytt til vasskadar i Noreg.

Hytter er spesielt utsette
Når vatn frys til is, aukar volumet med rundt 10 prosent, og trykket i røyrleidningen stig heilt til det svakaste punktet brestar. Vasskadane kjem når isen tinar og vatnet strøymer ut i bygninga.

Hytteeigarar bør vere spesielt merksame på risikoen. Hus utan folk og gjennomstrøyming av vatn er nemleg ekstra utsette, og omfanget på skaden blir gjerne større fordi det tek lengre tid å oppdage lekkasjen.

Slik unngår du frostsprengde røyr:

  • Hald innetemperaturen oppe. Ikkje senk den lågare enn til ca 10 °C.
  • Rett plassering av vassrøyr. Unngå å ha røyr og sanitærutstyr i kalde kryprom, ytterveggar, golv og tak.
  • Tøym og steng vatnet. Dette gjeld både røyr som i periodar ikkje har gjennomstrøyming av vatn, samt utandørskranen for vinteren.
  • Steng stoppekranen. Kvar gang du reiser frå hytta eller heimen for ein lengre periode.
  • Lat att alle lufteventilar og vindauge. Det er viktig å unngå kald trekk på røyr under lufteventilar, vindauge og veggar.
  • Bruk frostvæske. Når det er fare for frost, er det eit godt tips å fylle alle vasslåsar, slukar og toalettskåler med frostvæske.

  • Hugs forsikring

    Uansett forholdsreglar: Heilt trygg kan du aldri vere: Difor er det viktig med ei god forsikring som sørgjer for at du ikkje står på bar bakke dersom noko skjer. Eika har både bustad- og hytteforsikring som dekker skadekostnadar ved lekkasje av vatn frå røyrleidningane i bygninga. Dermed kan du sove litt betre sjølv når nettene blir lange og kulda set inn.

  • Kjøp bustadforsikring på nett og få 10 prosent rabatt
  • Les meir om Eikas hytteforsikring