Vasskadar frå frostsprengde røyr har stått for 10 - 20 prosent av dei samla kostnadene knytt til vasskadar i fleire år med kalde vintre. I periodar med sprengkulde kan frost gjere skade på røyr og føre til vasskadar.

Her finn du nokon nyttige tips til korleis unngå vasskadar som skuldast frost:

  • Steng alltid hovudstoppekrana når du er bortreist. Det kan vere lurt å alliere seg med venner eller nabo som kan halde jamleg tilsyn med hus eller hytte.
  • Alle i huset bør vite kor hovudstoppekrana er og korleis den blir brukt.
  • Hugs tilstrekkeleg varme for å unngå kald trekk på røyr under lufteventilar, vindauge eller utette dører.
  • Ikkje senk innetemperaturen til lågare enn ca. 10 gradar.
  • Unngå uheldig plassering av røyr og sanitærutstyr i kalde kryprom, yttervegger, golv og tak.
  • Tøm og steng røyr som i periodar ikkje har vassgjennomstrøyming.
  • Ved vasslekkasjar må du først stengje hovudstoppekrana. Ring deretter røyrleggjar og gjer det du kan for å fjerne/tørke opp vatnet.

 

Kjelde: SINTEF