1.   Sørg for å sikre skadestaden slik at ikkje ytterlegare skader oppstår. Hald folk unna bygning som kan stå i fare for å rase saman eller der grunnen kan rase ut.

2.   Tøm bygningen for vatn som ikkje har reint ut. Brannstellet kan verebehjelpelege med pumper.

3.   Vatn leiar straum og kan føre til kortslutningar og/ eller berøringsfare (overleidning). Ta derfor ut sikringar for elektrisk anlegg for den etasjen som har vore overfløymt.

4.   Varmtvasskjele/elektrisk anlegg som har stått under vatn, må ikkje takast i bruk før utstyret er kontrollert av elektrikar.

5.   Riv ut golvbelegg/teppe.

6.   Det er viktig at du tek vare på ting du ønskjer erstatning for. I mange tilfelle sender vi ein takstmann eller ein av samarbeidspartnarane våre for å vurdere eller utbetre skadane. Ta bilete eller film av skaden. Desse kan brukast til å vurdere erstatningssummen.

7.   God ventilasjon tørkar ut vatn. Ta ut/opne vindauge i kjellar, og fest netting over vindauget med lekter som blir spikra for forsvarleg tetting. La innvendige dører stå opne.

8.   Når nokre er heimeverande, blir opna i tillegg ytterdører i kjellar og evt. ytterdører og vindauge i skadde bustadetasje. Dette er med på å framskunde tørking.

9.   Avgrens skaden i bygget ved å vaske ut slam og reingjer.

10. Kontroller at avløp ikkje er tett når bygningen blir teken i bruk.

11. Har kjellar oppfôra golvkonstruksjon av tre - og denne har vore overfløymt - vil takstmann eller saneringsselskap vurdere uttørking eller eventuell rivning.

12. Bygningar som står i fare for å "flyte opp" må forankrast, evt. må kjellar fyllast med vatn. Brannstellet kan vere behjelpelege med pumper og slangar.

 

Kilde: Finans Norge