Hopp til innholdet
Mor og to barn som kryssar eit fotgjengaroverfelt.
Kvar dag går tusenvis av barn og unge til og frå skulen. Slik kan du bidra til å gjere skulevegen tryggare for dei.
Bilforsikring

Trygg skuleveg

Dei minste er ikkje vane med trafikken. Då må trafikken vere klar for dei.

Skulevegen er krevjande for mange barn. For førsteklassingane er skulevegen ofte det første verkelege møtet med trafikken. Dei minste barna er impulsive, leikande og let seg lett distrahere. Derfor må foreldre og sjåførar vere ekstra observante.

– Bilførarar må vere ekstra merksame, og halde auga på vegen – ikkje på mobilen, seier skadeførebyggjar.

Ein lang sommarferie er over, og mange spente barn gler seg til skulestart. Det betyr at mange unge og uerfarne skulebarn skal ut i trafikken, kanskje for aller første gong.

– Vi oppmodar alle bilførarar til å følgje fartsgrensene og ta det ekstra roleg i nærleiken av skulane dei neste vekene. Mange av dei yngste skuleborna har ikkje så god forståing for trafikkbiletet og kva som kan vere farleg, seier skadeførebyggjar Therese Hofstad-Nielsen i Fremtind, forsikringsselskapet vårt.

Øv med barna

Foreldre kan med fordel øve på skulevegen saman med barna sine. Det er også lurt å snakke om korleis ein ferdes trygt i trafikken. – Med mange stillegåande elbilar i trafikken er det viktig at skuleborna ser seg ekstra godt for, og ikkje stoler for mykje på høyrsla, seier Hofstad-Nielsen.

Trygg skuleveg – det startar med deg

Også hageeigarar må gjere sitt for ein tryggare skuleveg. Hekkar, buskar og tre må ikkje vere til hinder for trafikksikkerheita, påpeiker skadeførebyggjaren. – Det betyr at all vegetasjon som hindrar god sikt for anten fotgjengarar eller trafikkantar bør fjernast, seier ho.

Fire gode hugsereglar for barn i trafikken

  • Bruk augo! Sjå deg alltid godt for når du er ute i trafikken.
  • Bruk øyro! Du kan ikkje alltid sjå bilar som kjem. Høyr etter om det kjem ein bil du ikkje ser bak eit hus, rundt ein sving eller over ein bakketopp. Hugs at elbilar ikkje alltid lagar mykje lyd, så du må framleis sjå deg godt rundt.
  • Stopp opp! Alltid stopp før du går over ein veg. Sjå til begge sider, lytt og sjekk at det er klart.
  • Bruk refleksvest! Refleksvesten gjer at du er godt synleg i dagslys, og refleksen lyser i mørket når det kjem bilar. Når du blir sett, er du tryggare.

Kjelde: Trygg Trafikk