Hopp til innholdet
Jente sjekkar mobilbanken medan ho held ein kopp te.
Det skal vere enkelt å sjekke bank- eller kredittkortet uansett kvar du er.
Kredittkort

Nyttige korttenester som forenklar kvardagen

Å sjekke transaksjonane, hente PIN-koden eller få tak i det digitale kortet bør vere enkelt. Då bruker du mindre tid på bank-ting og får meir tid til det som verkeleg betyr noko. Her får du ein kortfatta oversikt over det du kan fikse sjølv med nokre få tastetrykk i mobil- og nettbanken.

Slik finn du korttenestene i mobil- og nettbanken:

  • Logg inn i nettbanken eller opne Eika Mobilbank på telefonen din.
  • Har du valt å få vist korta dine blant dine favorittkontoar vil desse visast på forsida i mobil- og nettbanken. Har du ikkje merka dei som favoritt, må du velje Kort frå menyen øvst til høgre.
  • Vel ditt bank- eller kredittkort. Korttenestene opnast på eiga side.

Fellestenester for bank- og kredittkort

Digitalt kort er rett og slett plastkorta dine – berre digitalt. Ditt digitale bank- og kredittkort finn du berre i mobilbanken. Visning av kortet krev ansiktsattkjenning. For å aktivere tenesta treng du berre gjere dette ein gong.

Her er nokre av fordelane med digitalt kort:

  • Med digitalt kort slepp du å finne fram det fysiske kortet når du vil handle på nett.
  • Du kan leggje inn kortet ditt i ulike digitale lommebøker som for eksempel Google Pay eller Samsung Pay og bruke det umiddelbart før du har mottatt det fysiske kortet i posten.
  • Du kan også registrere korta dine i ulike appar, som for eksempel Vipps, Vy, Ruter medan du er på farta.
Lurer du på kva PIN-koden din er? Her kan du sjekke PIN-koden på samtlige av dine bank- og kredittkort hos oss. Koden visast på skjermen i 30 sekund før den skjulast igjen.

Har du mista eller blitt frastjålet bank- eller kredittkortet kan du enkelt sperre det ved å anten sperre kortet mellombels eller permanent.

  • Sperrer du kortet mellombels kan du opne det utan å måtte bestille nytt kort. Det lønner seg å gjere dette dersom du mistenker at kortet ikkje er mista men heller ligg ein stad heime, i bilen eller på kontoret. Du opnar kortet ved å velje "Opne kortet". Den mellombelse sperringa blir då oppheva med ein gong.
  • Sperrer du kortet permanent må du først oppgi årsak til sperringa – mista, stole, misbrukt, andre årsaker. Deretter kan du krysse for om du ønskjer å motta nytt kort.
Ønskjer du å sperre kortet for bruk i enkelte delar av verda? Her kan du bestemme sjølv kvar ditt bank- eller kredittkort skal brukast.

Alle våre kort er opne for bruk i Noreg, men utover det er det du som avgjer om du ønskjer å kunne bruke kortet i Europa, Afrika, Asia osv. Vi anbefaler at du sperrer kortet for bruk i regionar du ikkje befinn deg i.

Du kan når som helst endre vilkåra for regionsperra avhengig av kvar du befinn deg og kva du ønskjer å handle. Endringane under brukstillatelser blir iverksett umiddelbart.

I tillegg kan du velje om du ønskjer å kunne bruke kortet på nett eller sperre det for netthandel.
God oversikt over utgiftene er viktig for å opprettholde kontroll over økonomien. Her finner du alle bevegelser på ditt bank- eller kredittkort utført i løpet av de siste 24 måneder. Du kan sortere oversikten per måned og se både bokførte kjøp og reserverte beløp.
 
Ønsker du å se mer utfyllende transaksjonsdetaljer, kan du gjøre dette ved å klikke på transaksjonen eller beløpet du behøver mer informasjon om. Detaljene åpner seg i egen boks.

Her ser du kort som tilhøyrer kontoar du disponerer eller har fullmakt på. Det kan for eksempel vere juniorkort eller ungdomskort til barn og ungdom, tilleggskort til din partner, kort til personar du er verge for eller kort tilhøyrande andre kontoar som du har fullmakt på.

Tenesta Andre kort er tilgjengeleg berre for bankkort.

Har du blitt belasta med eit beløp dobbelt, ikkje mottatt ein vare du har bestilt, eller er utsett for svindel? Du kan enkelt opprette ei reklamasjonssak hos vår samarbeidspartner Nets. Sjekk deira reklamasjonsportal her.

Ønskjer du å leggje inn ditt bank- eller kredittkort i Google Wallet kan du gjere det nesten "automagisk" ved å trykke på denne knappen i mobil- og nettbanken. Då blir det valde kortet lagt inn i Google automatisk utan at du treng å leggje inn kortopplysningane dine manuelt. Det einaste du treng å gjere er å godkjenne vilkåra undervegs, resten skjer av seg sjølv.

Ekstra tenester kun for kredittkort

Auke kredittgrensa
Har din økonomiske situasjon endra seg og du treng meir i kreditt, kan du enkelt søkje om auka kredittgrense ved å fylle ut den elektroniske søknaden.

Du vil bli bedt om å besvare ei rekke spørsmål om din økonomi og godta ei ny kredittvurdering. Så snart søknaden er signert vil du få tilbakemelding om denne er innvilga eller om den krev manuell behandling.

Dersom vi treng å sjå litt nærare på denne vil du få tilbakemelding frå vår kredittavdeling vedrørande søknadens utfall.

Senke kredittgrensa
I nokre tilfelle kan det vere lurt å redusere kredittgrensa. Her kan du sjølv bestemme kva kredittgrensa di skal vere og velje eit lågare beløp dersom det passar betre for din økonomiske situasjon. Det einaste du treng å gjere er å velje kort, velje kredittgrense og bekrefte endringa. Kredittgrensa vil bli nedjustert automatisk og du vil motta kvittering for at endringa er utført.

Ønskjer du å auke kredittgrensa på eit seinare tidspunkt igjen, må du levere søknad om kredittauke ved å fylle ut skjemaet under Øk grense.

Her kan du enkelt overføre eit beløp frå kredittkortet ditt til ein annan konto.

Det einaste du treng å gjere er å oppgi:

  • Kontonummer beløpet skal overførast til
  • Ønska beløp – Du kan overføre inntil disponibelt beløp (inkl. gebyr) og minimum 1 000 kr.
  • Kommentar – du kan fylle ut dette feltet for eksempel ved betaling av reiser. Her kan du oppgi reiseoperatørens namn, KID-nummer eller annan nødvendig betalingsinformasjon.

Beløpet vil vere tilgjengeleg på mottakars konto i løpet av eit par virkedagar. Tenesta kostar 100 kr og renter vil bli rekna frå same dag.

Her kan du enkelt melde deg på eller av fordelsprogrammet knytt til Eika Kredittkort. Bli kjend med fordelsprogrammet her.
Har du utsett betalingen over tid og ønskjer å gjere nokre ekstra innbetalingar på kredittkortet? Eller vil du ha løpande kontroll over utgiftene og betale ned det du skuldar med ein gong?

Hos oss kan du betale ned på det du skuldar uavhengig av den månadlege fakturaen. Her finn du uteståande saldo og KID- og kontonummer for innbetaling. KID- og kontonummeret er det same kvar gong.

Vi gjer oppmerksom på at saldoen ikkje tek omsyn til renter som enno ikkje er bokførte. Treng du skyldig beløp inkludert påløpte renter, må du ta kontakt med kundesenteret for ein eksakt berekning.

Eit generelt råd er å betale det du har brukt på kredittkortet regelmessig, så slepp du store utgifter på ein gong!
Treng du kopi av tilsendte faktura eller årsoppgåve? Her finn du kopi av dine kredittkortfakturaer på alle kredittkort utstedt frå Eika Kredittbank og årsoppgåver for dei siste 2 åra.