Hopp til innholdet
Den beste tida er den ein deler med andre.
Kredittkort

Fem gode grunnar til å velje kredittkort frå oss

Med kredittkort frå oss slepp du å forholde deg til nye PIN-kodar, ulike nettbankar, innloggingar og appar. Å ha både bank- og kredittkortet hos oss gir deg fleire fordelar, meir fleksibilitet og ekstra tryggleik i kvardagen.

Dei fleste nordmenn har minst eitt, og ofte fleire, kredittkort i lommeboka. Dette er ikkje overraskande med tanke på at vi er på verdstoppen både når det gjeld reiser og netthandel. Det er imidlertid viktig å forstå at fleire kredittkort ikkje nødvendigvis gir fleire fordelar. Her er dei viktigaste fordelane med våre kredittkort:

  • Reiseforsikring

Betaler du minst 50 % av reisa med ditt Eika Kredittkort får du ei gunstig reise- og avbestillingsforsikring med på kjøpet. Denne dekker blant anna uhell, sjukdom og tjuveri.

  • Tryggare netthandel

Skulle skoa du bestilte vise seg å vere falske, eller kleda aldri finne vegen til postkassa di, då er det godt å vite at gode reklamasjonsrettar er inkludert når du handlar med kredittkortet. Du kan enkelt ta kontakt med vår reklamasjonsavdeling som kan hjelpe deg vidare med å få beløpet refundert.

  • ID-tjuveriforsikring

Identiteten din er det viktigaste du har. Derfor er det godt å vite at ID-tjuveriforsikring er inkludert i Eika Kredittkort, og du er beskytta så lenge kortet er i bruk.

Fem andre grunnar til å ha Eika Kredittkort:

1. Betre kontroll over forbruket. Hald styr på gjelda di. Brukar du ulike kredittkort blir det vanskelegare å ha kontroll over kor mykje pengar du til einkvar tid skuldar, og når dei ulike rekningane forfell. Hugs også at heile kredittramma står oppført som gjeld i Gjeldsregisteret, ikkje berre det du har brukt på kredittkortet. Dette kan påverke lånemoglegheitene dine. Snakk med oss i banken om du treng hjelp til ei opprydding.

2. Enklare bankkvardag. Med kredittkort hos oss har du alt på éin plass. Same PIN-kode, same nett- og mobilbank. Kredittkortet ditt blir ein del av den samla oversikta over inntekter, utgifter, bustadlån og gjeld. Har du pengar til overs er det dessutan superenkelt å betale inn ekstra.

3. Dei beste råda. Ved å samle alle økonomiske tenester og produkt hos oss kan du heile tida forholde deg til éin rådgivar som kjenner deg og den økonomiske situasjonen din godt. Då er det også enklare å tilpasse tilbodet om du plutseleg treng eit nytt lån eller opplever vanskar som sjukdom eller arbeidsløyse.

4. Gode vilkår. Hos oss får du inntil 45 dagars rente-fri kreditt, same PIN-kode som på bankkortet ditt og kontaktlaus betaling. Reise- og avbestillingsforsikring og identitetstjuveriforsikring er alltid inkludert. Du kan også utvide med tilleggstenester som betalingsforsikring og eigenandelsforsikring for leigebil.

5. … og ekstra fordelar. Ønskjer du å få gode rabattar og kampanjar - meld deg på fordelsprogrammet vårt. Det er heilt gratis å vere med, og du kan når som helst melde deg av. Du får rabattane frå den dagen du melder deg på, så ikkje nøl for lenge. Vi har allereie over 15 000 påmelde og plass til mange fleire! Finn ut meir om fordelsprogrammet her, påmeldinga finn du i mobil- og nettbanken.

Visste du att?

Tal frå Gjeldsregisteret viser at nordmenn har i snitt 1,8 kredittkort kvar i lommeboka.
Kvinne på ferie tek ein selfie framfor Tower Bridge i London, smilande i solskinet med solbriller og fargerik topp.

Enno ikkje fått kredittkort frå oss?

Sjekk Eika Kredittkort – eit kort med gode forsikringar, spennande fordelar og digitale korttenester som forenklar kvardagen.