Hopp til innholdet
Det har aldri vore enklare å handle frå sofakroken.
Kredittkort

Korleis bør du betale når du handlar på nett?

Frå det gode gamle kredittkortet til nye tenester som Samsung Pay, Google Pay, Vipps og Klarna. Det finst mange måtar å betale på, og kvar av dei har sine fordelar.

I denne miniguiden går vi gjennom nokre av dei mest populære betalingsløysingane og fokuserer på fordelane og ulempene du bør kjenne til.

Vi ser på alt frå korleis du kan handle sikrare på nett med kredittkortet, til smarte appar som kan gjere livet ditt litt enklare. Sjekk dei ulike alternativa og finn løysinga som passar best for deg.

Kortbetaling? Du bør framleis bruke kredittkortet til netthandel

I dag er det like trygt å bruke bankkortet som kredittkortet når du handlar på nett, og du har omtrent dei same reklamasjonsrettane på begge korta.

Litt forskjell er det likevel – om noko skulle skje med kredittkortet ditt er det ikkje pengane på din bankkonto som blir berørte. Det er banken sine pengar som blir borte. Derfor anbefaler vi framleis at du bruker kredittkortet når du handlar på nett. På denne måten vernar du bankkontoen din mot eventuelt misbruk.

  • Kredittkortet er ikkje knytt direkte til kontoen din, og du er forsikra mot ID-tjuveri.
  • Reise- og avbestillingsforsikring inkludert når du bestiller reiser med kredittkortet.
  • Ved manglande levering og konkurs har du gode reklamasjonsrettar som gjer at du får pengane tilbake.
  • Bruker du kredittkortet kan du sjekke alle transaksjonar og kontrollere at alt er i orden før du betaler den månadlege faktura.

Godkjenn alle kjøp med BankID

Når du betaler med kredittkortet signerer du med BankID. Om du ikkje allereie har bytta til BankID-appen, er det på høg tid. Det er no over 3 millionar nordmenn som bruker BankID-appen. Kom i gang du også, så har du den tryggaste betalingsløysinga uansett kor du er. Les meir.

Visste du at?

Ifølgje Statistisk sentralbyrå utgjorde betaling med kort i samband med netthandel 170 milliardar kroner i 3. kvartal i 2023. 

Du kan velje blant fleire betalingsløysingar

Vipps blir ikkje lenger berre brukt til vennebetaling, og du kan enkelt betale med appen også når du handlar på nett. Bruk Vipps for rask betaling med mobilen og legg inn både bank- og kredittkortet ditt på førehand. Hugs at du bør bruke kredittkortet når du betaler med Vipps på nett og i app.

Fordelar:

  • Enkel og rask betalingsløysing i ein app du (truleg) allereie har.
  • Alle kvitteringar samla på ein stad.
  • Du treng ikkje tenkje på kortnummer, utløpsdato og sikkerheitskode – alt er allereie registrert i appen.

Alle som har bankkort eller kredittkort frå oss kan bruke Google Pay og Samsung Pay som betalingsmåte i fysiske butikkar og på nett. Perfekt for deg som har ein Android-mobil. For å kome i gang treng du berre å laste ned Google Wallet eller Samsung Pay-appen og leggje til kortet ditt. Enkelt og greitt!

Fordelar:

  • Rask betaling med mobilen
  • Du slepp å fylle inn kort- og adresseopplysningar kvar gong du handlar på nett
  • Kan også brukast i fysiske butikkar

Vel du å bruke Klarna Faktura får du tilsendt ei faktura når du bestiller noko på nett, og treng dermed ikkje å betale noko med ein gong. Bruk Klarna Faktura når du ønskjer å prøve varene før du bestemmer deg. Hugs å registrere bankkortet ditt i tenesta, så blir rekningane betalte med bankkortet ved forfall.

Fordelar:

  • Treng du meir tid til å betale, kan du utsetje i opptil ti dagar utan å bli belasta med purregebyr.
  • Du får betalingspåminningar slik at du hugsar å betale i tide.
  • Fakturaen blir oppdatert umiddelbart med rett beløp dersom du berre behald noko av varene og returnerer noko undervegs.

Ulemper:

  • Du blir belasta med eit purregebyr og ekstra kostnader om du betaler for seint.