Hopp til innholdet
Ung mann i grå genser og blå pyjamas sit komfortabelt i sofa med nettbrett, nøgd i ei lys stove.
Betal med kredittkortet når du handlar på nett. Då er det enklare å få hjelp dersom noko går gale.
Kredittkort

5 gode tips til rett kortbruk

Hausten er høgsesong for netthandel, gode tilbod og juleførebuingar. Då er det ekstra viktig å ha kontroll på korta dine og følgje litt ekstra med på kva som blir trekt frå konto.

Med nokre enkle grep kan du handle tryggare, få betre oversikt og gjere det vanskelegare for svindlarar å misbruke kortet ditt. Her er fem tips som kan hjelpe deg på vegen.

  1. Betal med kredittkort når du handlar på nett
    Når du handlar på nett, kan kredittkort gi deg ekstra tryggleik dersom vara ikkje kjem, ikkje er som avtalt eller noko anna går gale. Det er også lurt å sjekke transaksjonane jamleg. Då oppdagar du raskare kjøp du ikkje kjenner att, og kan reagere før problemet veks seg større. Oppdagar du ein transaksjon du ikkje kjenner att, eller får problem med eit kjøp, kan du enkelt opprette ei reklamasjonssak i mobil- eller nettbanken.
     
  2. Få oversikt over abonnementa dine
    Små månadlege trekk er lette å gløyme. Derfor kan det vere lurt å gå gjennom abonnementa dine før julehandelen set i gang for fullt. Sjå over strøymetenester, musikkabonnement, appar og andre digitale tenester du betaler for. Kanskje er det noko du ikkje lenger bruker? Har du abonnementa samla på kredittkortet, blir det enklare å sjå kva du faktisk betaler for, og å avslutte abonnement du ikkje treng.

  3. Bruk aktivt regionsperra 
    Regionsperra er eit enkelt tiltak som kan gjere det vanskelegare å misbruke kortet ditt. Dersom du ikkje skal bruke kortet i enkelte delar av verda, kan du la sperra vere aktiv. Skal du ut og reise, opnar du kortet for bruk i landet du skal opphalde deg i. Hugs å justere regionsperra igjen når du kjem heim. Det tek berre eit augeblikk, men kan gi ekstra tryggleik i kvardagen.

  4. Legg bank- og kredittkortet i den digitale lommeboka di
    Betaler du ofte med mobilen eller smartklokka? Då er det praktisk å leggje inn både bank- og kredittkort i den digitale lommeboka di – Vipps, Apple Pay, Google Pay eller Samsung Pay. Då har du alltid korta tilgjengelege når du skal tæppe i butikk, handle på nett eller sende pengar til venner og familie.
     
  5. Få betre oversikt over økonomien
    Har du fleire kredittkort, smålån eller handlekontoar, kan det vere verdt å undersøkje om refinansiering kan vere eit alternativ. Ved å samle gjelda i eitt lån kan du få færre rekningar å halde styr på, lågare kostnader og betre oversikt i kvardagen. Finn ut meir om fordelane med refinansiering.

Visste du at?

Du kan leggje inn både bank- og kredittkortet ditt i Vipps og velje kva kort du vil bruke når du tæpper i butikken eller betaler på nett.

Prisdøme kredittkort:

Effektiv rente 26,2 %. Låner du 15 000 kr over 12 månader, kostar det 1 650 kr, og du betaler totalt 16 650 kr.

Kredittkortet er levert av Kredittbanken ASA.