Hopp til innholdet
Vær på vakt: Telefonen viser en falsk e-post som utgir seg for å være fra en pålitelig kilde. Lær å identifisere svindelforsøk for å beskytte din personlige informasjon.
Sikkerhet

Sunn fornuft stopper nesten alle svindelforsøk

Er du ein av dei som har fått ein SMS eller ein e-post kor du må klikke på ei lenke til ei falsk nettside kor du blir bedt om å legge inn personleg informasjon? Då har du blitt utsett for eit forsøk på phishing der kriminelle prøver å fiske ut informasjon frå deg.

Ikkje bit på kroken, sjølv om avsendar ser ut til å vere banken eller Eika. Bruk sunn fornuft før du gjer noko meir. Stopp opp og tenk deg om. Vi vil aldri be deg om å oppgi konfidensiell informasjon, passord, BankID eller kredittkortnummer. Dette gjeld også andre bankar, bedrifter og butikkar. Er du i tvil? Gå inn på den offisielle nettsida til aktøren for å logge inn, ikkje klikk på lenka du har fått tilsendt.

Vær varsom og ekstra oppmerksom

November og desember er månader kor det blir handla mykje, også på nett. Med godt nettvett kan du behalde tryggleiken slik at handelen går riktig for seg. Noko av det aller viktigaste du må hugse, er at du alltid bør betale med kredittkortet når du handlar i nettbutikkar eller i app, enten du vel å bruke Vipps eller kortbetaling.

Grunnen er at kredittkortet er tryggare enn ditt vanlege bankkort. I det du brukar kredittkortet, er det nemlig banken sine pengar du handlar med, og ikkje dine eigne. Skulle du derfor vere uheldig og bli svindla, er det ikkje lønnskontoen din som blir tappa.

Fem tips for å avsløre svindlarane

  1. Sjekk avsendar Det er viktig å sjekke avsendaradressa. Ved å halde musepekaren over namnet, kjem avsendaradressa opp.

  2. Ikkje trykk på lenker Bruk det same trikset på lenker i e-post og SMS. Kjeltringane lokkar deg gjerne med ein trussel om at kontoen din blir sperra om du ikkje loggar deg inn (på ei falsk side) og verifiserer koden din. Ikkje la deg stresse til å trykke, stopp opp og tenk deg godt om. Er det sannsynleg at denne aktøren sender ut informasjon på denne måten? Er det naturleg at dei ber om denne informasjonen? Vi vil aldri sende deg SMS eller e-post med direkte lenke til innlogging.

  3. Ikkje åpne vedlegg Hugs at du ikkje må åpne vedlegg viss du er usikker på om avsendar er ekte.

  4. Sjå etter dårleg språk Svindlarane blir proffare, men ofte er det fortsatt dårleg norsk som blir brukt. Sjå etter skrivefeil og uvanleg ordbruk.

  5. For godt til å vere sant? Er tilbodet, konkurransen eller informasjonen for godt til å vere sant? Ja, då er det mest sannsynleg svindel.